UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgAVær med å sikre framtidas IT-tenester ved Universitetet i Bergen
For å sikre gode digitale løysingar søkjer UiB ny medarbeidar i si gruppe for informasjonssikkerheit og personvern. Gruppas primæroppgåver er å informere, kommunisere og gje opplæring innan informasjonssikkerheit og personvern, samt å arbeide operativt med informasjonssikkerheit. Gruppa har ansvar for å bidra til at UiB etterlev krav i personvernregelverk og andre krav til informasjonssikkerheit. Ho samarbeider tett med UiBs personvernombod og sikkerheitsleiar, samt med systemeigarar og forskarar. Vi er ute etter ein person som kan delta både i det formelle og i det operative arbeidet med beredskap, informasjonssikkerheit og personvern og bidra til å styrke vår kompetanse på området.
IT-avdelinga ved UiB er eit av dei største og fagleg breiaste IT-miljøa på Vestlandet med om lag 130 tilsette, i tillegg til lærlingar og deltidstilsette studentar. Avdelinga leverer eit stort spekter av IT-tenester til forsking, utdanning og formidling.
Vi er ein kunnskapsrik og engasjert avdeling med deltaking i spennande aktivitetar innanfor heile UiB si verksemd og med brei kontakt med universitetets 4200 tilsette og 20 000 studentar. Vi samarbeider tett med dei andre universiteta i Norge. Vi har eit stort mangfald av teknologiar, kompetanse og nasjonalitetar. Sjå meir om IT-avdelinga her:
IT-avdelinga | UiBDen som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan avdelinga sine arbeidsområder.
til styringssystem for informasjonssikkerheit, samt risikostyringsrammeverk og -
metodikk, t.d. ISO-standardar
og personvern
og å delta i beredskapsarbeid i komplekse organisasjonar vil vere ein fordel
interessentar og fagmiljø
Vi søkjer ein person som er:
informasjonssikkerheit lettare for andre å forstå
Kjenner du deg att i noko, men ikkje alt? Ingen problem, send oss ein søknad der du greier ut om kva
du kan og vil jobbe meir med. Vi har alltid plass til spennande medarbeidarar med ulik bakgrunn.
og brei kontakt med brukarane ved universitetet
1364), løn kr 725.000 til 850.000 avhengig av kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkarar kan det verte aktuelt med høgare løn
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: seksjonsleiar Jon Eikhaug (jon.eikhaug@uib.no, tlf: 55 58 42 70) , eller Informasjonssikkerheitsleiar Bjørn Tore Sund
(bjorn.sund@uib.no, tlf: 55 58 48 94).
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan verte brukt ved behandling av søknader til stillinga.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om IT-avdelinga her.