UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgAVed Institutt for geovitskap er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i kvartærgeologi og paleoklima. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år. Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen.
Den som blir tilsett, skal bidra til å utvikle forsking som nyttar in-situ kosmogene nuklidar til datering av fjellskredhendingar og til undersøkingar av korleis landskap forma gjennom gjentekne nedisingar har utvikla seg. Målet med ph.d.-prosjektet er å kvantifisere og karakterisere nedarva kosmogene nuklidar i eksponeringsdatering av fjellskred. Ved å nytte fjellskredlokalitetar med uavhengig fastsett alder som naturlege laboratorium, skal kandidaten kombinere prøvetaking i felt, analyse av eksisterande og nye datasett for kosmogene nuklidar og enkel framovermodellering av produksjonen av kosmogene nuklidar før og etter fjellskred. Dette skal nyttast til å undersøkje korleis eksisterande nuklidar blir bevarte og overførte under sjølve skredhendinga. Resultata vil bidra til å gjere eksponeringsaldrar baserte på kosmogene nuklidar meir pålitelege og enklare å tolke, og til å gi ei betre forståing av historia til det innsamla bergmaterialet før skredhendinga.
Kandidaten vil bli ein del av eit aktivt forskingsmiljø innan kvartærgeologi, geomorfologi og geokronologi. Hovudrettleiar vil vere professor Henriette Linge, leiar av UiB sin Prepareringsfasilitet for kosmogene nuklidar ved Institutt for geovitskap. Førsteamanuensis Paula Snook ved Høgskulen på Vestlandet, campus Sogndal, vil vere medrettleiar og bidra med ekspertise innan fjellskred og prosessar knytte til ustabile fjellsider.
Stillinga vil gi høve til å vidareutvikle kompetanse innan metodar baserte på kosmogene nuklidar, laboratoriegeokjemi, feltbasert geomorfologi, dataanalyse og framovermodellering. Stillinga vil også gi høve til å byggje nasjonale og internasjonale forskingsnettverk gjennom samarbeid, deltaking på konferansar og relevante forskingsopphald.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Samla stipendperiode er fire år, der 25 % av tida er karrierefremmande arbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling.
Det karrierefremjande arbeidet knytt til stillinga vil i hovudsak bestå av laboratoriearbeid ved UiB sin Prepareringsfasilitet for kosmogene nuklidar. Arbeidet vil omfatte preparering av prøver frå både interne forskingsprosjekt og eksterne oppdrag, og inneber handtering av verdifullt prøvemateriale og bruk av farlege kjemikaliar. Den som blir tilsett, vil få opplæring i dei spesifikke laboratorieprosedyrane og tilhøyrande tryggleiks- og beredskapsrutinar.
Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Henriette Linge, Institutt for geovitskap, e-post: henriette.linge@uib.no, tlf. +47 55583528, eller førsteamanuensis Henk Keers, Institutt for geovitskap, e-post: henk.keers@uib.no, tlf. +47 55588748.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgivar Mathilde Høgalmen, mathilde.hogalmen@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
Video:
https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.