UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgAVi søkjer ein engasjert og fagleg sterk kandidat til ei mellombels 50 % stilling som universitetslektor i digital kultur ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium. Stillinga har planlagd oppstart 1. januar 2027 og har varigheit til og med 30. juni 2027.
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) har kring 80 vitskapleg tilsette, 20 administrativt tilsette, 35 ph.d.-kandidatar og 13 postdoktorar. Instituttet femner om faga allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske studium, kunsthistorie, nordisk litteratur, nordisk språkvitskap, nordisk fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, allmenn språkvitskap og teatervitskap. Bokmålsordboka, Nynorskordboka og Norsk Ordbok blir redigerte ved LLE, og instituttet er vertskap for Senter for digitale forteljingar, Fagspråksenteret og den nasjonale språkinfrastrukturen Clarino.
Av dei fast tilsette ved LLE arbeider for tida 8 innanfor faget digital kultur. I tillegg er det 8 stipendiatar og 8 postdoktorar i disiplinen.
I stillinga vil du mellom anna ha ansvar for:
Digital kultur vert undervist på engelsk og norsk.
Det blir lagt vekt på evne til å kombinere sjølvstendig arbeid med godt samarbeid, og til å engasjere studentar i læringsprosessen. Det blir òg lagt vekt på dei personlege eigenskapane til søkjaren og at vedkomande er personleg eigna for stillinga.
Tilsetjing i stillinga krev at ein har arbeidsplass ved Universitetet i Bergen tilsvarande stillingsprosenten, og at ein følger gjeldande retningslinjer.
Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Følg stega i søknadsprosessen og legg inn følgjande:
Søknad og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.
Aktuelle søkjarar vil bli inviterte til intervju.
Nærare om tilsetjingsprosessen her.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte fungerende instituttleiar Anders Gullestad, e-post: anders.gullestad@uib.no, telefon: +47 55 58 24 64, eller førsteamanuensis David Wright, e-post: d.wright@uib.no, telefon: +47 55 58 24 32.
Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.