UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgAVed Arrangementskontoret ved Universitetsdirektøren sitt kontor er det to ledige stillingar i 10 % som vertar knytt til gjennomføring av arrangement i våre lokale. Arrangementskontoret har følgjande arenaer i porteføljen sin: Universitetsaulaen i Bergen, UiB Læringsarena, Tårnsalen i Universitetsmuseet, Knut Fægris hus og Lønningen lystgard. Universitetsaulaen er ein viktig formidlingsarena for Universitetet og for Bergen, og huser ei rekkje profilerte arrangement som føredrag, seminar, konferansar, debattar, symposium, konsertar, mottakingar og middagar. Universitetet sitt kurs- og konferansesenter, UiB Læringsarena i Nygårdsgaten 5, har vorte svært populært og har høg aktivitet.
Kontoret er organisert som ein del av universitetsdirektøren sin stab og er lokalisert på Museplassen 1. Tenestene til Arrangementskontoret spenner frå prosjektleiing for årlege større arrangement til enklare tilrettelegging og rådgjeving for einingar som skal gjennomføre arrangement. Døme på faste arrangement som Arrangementskontoret har ansvar for, er doktorpromosjonane, prisutdelinga frå Meltzerfondet, Christiekonferansen og Barneuniversitetet. Kontoret har òg prosjektleiing for løpande arrangement som jubileum, opningar av bygg og andre seminar og konferansar.
Vertane skal vere vertskap for UiB ved arrangement i våre arenaer. Som vert representerer du Universitetet i Bergen og medverkar til at arrangørar, føredragshaldarar og gjester blir tekne imot på ein profesjonell og imøtekomande måte.
Som vert vil du mellom anna:
All nødvendig opplæring vil bli gitt.
Arbeidet går hovudsakleg føre seg på dagtid, men det er òg til tider høg aktivitet på kveldstid og i helgar. I periodar med mindre arrangementsaktivitet kan det vere aktuelt med enklare administrative oppgåver ved Arrangementskontoret. Det kan òg vere aktuelt med vakter ved UiB-arrangement som blir gjennomførte utanfor Arrangementskontoret sine eigne arenaer.
Vi søkjer kandidatar som:
Stillinga passar godt for studentar i starten av studieløpet som ønskjer relevant arbeidserfaring innan arrangementsgjennomføring og vertskap.
Det vil bli lagt stor vekt på personleg egnethet.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein får ved å vende seg til: Leiar for Arrangementkontoret, Bente Krossøy, tlf.: 55 58 20 23/ 92 69 41 72, e-post: bente.krossoy@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Universitetsdirektøren er øvste leiar av den administrative verksemd ved universitetet. Direktøren er tilsett på åremål av universitetsstyret, og er sekretær for styret. Universitetsdirektøren sitt kontor omfattar Sekretariat for universitetsledelsen og Holbergprisens sekretariat.