UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgAVed Institutt for geovitskap er det eit ledig vikariat i 100% stilling som rådgjevar / administrativ koordinator for det nasjonale nettverket Centre for Integrated Earth System Education (iEarth) og Centre for Mountains in Transitions (CMT). Vikariatet er for 9 månader, med moglegheit for forlenging.
Ønska oppstart i stillinga er 4. januar 2027.
Stillinga har arbeidsplass ved Institutt for geovitskap (GEO) og vil vere ein del av administrasjonen ved GEO. Den tilsette vil ha ei sentral rolle knytt til administrativ koordinering av både lokale og nasjonale aktivitetar innan utdanning, samhandling og forsking.
Stillinga omfattar administrativ koordinering av det nasjonale geovitskaplege nettverket iEarth, administrativ koordinering av Centre for Mountains in Transition (CMT), samt studieadministrative oppgåver ved instituttet. Den tilsette vil arbeide tett med fagleg leiing, forskarar, studentar og administrativ stab, og bidra til å sikre god drift, samhandling og utvikling på tvers av fleire satsingar.
iEarth er eit nasjonalt nettverk innan geovitskapleg utdanning, etablert gjennom ordninga Senter for framifrå utdanning (SFU). Etter at SFU-finansieringa vert avslutta, skal nettverket bli vidareført med same målsetjing om å styrke kvaliteten på geovitskapleg utdanning gjennom lokalt og nasjonalt samarbeid.
Centre for Mountains in Transition (CMT) er eit forskingssenter som samlar forskarar og samarbeidspartnarar kring forsking på fjellområde i endring. Stillinga vil bidra til den administrative drifta av senteret og støtte opp under aktivitetar, arrangement og kommunikasjon.
Stillinga omfattar òg administrativt ansvar for GEOV298 Geopraksis, inkludert koordinering mellom studentar, fagmiljø og praksisvertar. Den som vert tilsett, vil samarbeide tett med studieadministrasjonen ved instituttet.
Døme på sentrale arbeidsoppgåver er:
Næraste overordna er fagleg ansvarleg for iEarth, og nettverkskoordinator rapporterer til denne. Stillinga inngår i den administrative staben ved Institutt for geovitskap og har administrasjonssjefen som personalleiar.
Ved vurdering av søkjarane vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor og senterleiar Jostein Bakke, e-post: jostein.bakke@uib.no, telefon 55 58 35 03 eller administrasjonssjef Andrea Grimnes, e-post: andrea.grimnes@uib.no, telefon 55 58 33 00.
For HR-relaterte spørsmål kan du kontakte HR-rådgjevar Mathilde Høgalmen, e-post: mathilde.hogalmen@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.