UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgAFadder- og mangfaldskoordinator (75 %-stilling)
Velkomstveka er ofte det første møtet med Universitetet i Bergen (UiB) for nye studentar. Den er viktig for å legge eit godt grunnlag for ein god start på studia. Veka er ei innhaldsrik med mange ulike aktivitetar og arrangement. Studentgruppa er mangfaldig, og vi er opptekne av at aktivitetane som blir planlagde i velkomstveka treff ulike studentgrupper og legg til rette for ei inkluderande start på studia. Aktivitetane i velkomstveka skal bidra til at dei nye studentane blir kjente med kvarandre, universitetet, og med studentbyen Bergen.
Vi lyser ut ei 75 % stilling som fadder- og mangfaldskoordinator. Stillinga er mellombels og tilsetjingsperioden strekker seg frå november 2026, og ut august 2027. Koordinatoren skal, i dialog med fakulteta, dei studenttillitsvalte og leiinga sentralt, bidra til å sikre at programmet for velkomstveka blir godt ag at det legg til rette for dette og for at alle nye studentar blir godt inkluderte i studiemiljøet sitt, både fagleg og sosialt.
Det skal skrivast ein kort rapport frå arbeidet. Sidan arbeidet med velkomstveka er i utvikling, kan arbeidsoppgåvene endre seg som følgje av dette.
Personlege eigenskapar:
Ved vurdering av søkarane, vil vi legge vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Studieavdelinga på UiB v/ Konstituert seksjonsleiar Martin Kahrs Lie martin.lie@uib.no, tlf: 55585114 eller seniorrådgjevar Iren Igesund iren.igesund@uib.no, tlf: 55589483.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om studieadministrativ avdeling her.