Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen søker overingeniør (mellombels stilling) – MAREANO djuphavsfauna i Bergen. Vikariat, heltid. Krav: mastergrad, 1-3 års erfaring. Dagtid. Søknadsfristen er 1. desember 2026.
Skrevet av Universitetet i Bergen
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgAVed Avdeling for naturhistorie, Universitetsmuseet i Bergen, er det ledig ei mellombels 100 % stilling som overingeniør i seks månader, med moglegheit for forlenging avhengig av finansiering. Stillinga er finansiert gjennom MAREANO-programmet og knytt til arbeid med djuphavsfauna i norske havområde.
Tiltreding er 1. februar 2027. Den som vert tilsett vil arbeide med opparbeiding og analyse av marine botnprøver frå djuphavet, artsidentifisering av marine virvellause dyr, kuratering av vitskaplege samlingar og utvikling av DNA-basert dokumentasjon av artsmangfald. Arbeidet omfattar og rettleiing, kvalitetssikring og kompetanseoverføring innan marin faunistikk.
Det overordna målet med prosjektet er å dokumentere og styrkje kunnskapen om artsmangfaldet hos botnlevande organismar i norske djuphavsområde.
Den som blir tilsett, skal bidra med:
Det er ein fordel om søkjaren har:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: professor Nataliya Budaeva, Universitetsmuseet i Bergen, e-post: Nataliya.Budaeva@uib.no, mobiltelefon +47 40161824, eller instituttleiar Jenny Smedmark, Universitetsmuseet i Bergen, e-post: jenny.smedmark@uib.no, mobiltelefon: +47 407 26 194.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknaden må innehalde:
Søknaden og vedlegga, med stadfesta omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk, skal lastast opp via Jobbnorge.
UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
AIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 16 jobber for biologer, botanikere, zoologer mv. i hele landet de siste 90 dagene.
825 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 725 000 og 955 000 kr.
Annonsen sier: fra 642 000 til 665 000 kr i året. Det er i den laveste fjerdedelen for yrket.AI
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
De har 26 andre ledige stillinger hos oss nå, og de har lyst ut 76 stillinger siden juli 2026.
www.uib.no/om/84775/ledige-stillinger-ved-uibOrg.nr 974799154
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Universitetsmuseet i Bergen – Les meir her
Annonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer bc877948-6dc1-4544-8eb4-7dd7a7654290. Se den hos Nav · Se original annonse hos arbeidsgiver
Frist
10 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen under Lagret.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Universitetet i Bergen.