Tysnes kommune
Tysnes kommune søker kulturskulerektor i Uggdal. Fast, deltid. Krav: bachelorgrad, 1-3 års erfaring. Dagtid. Søknadsfristen er 6. desember 2026.
Skrevet av Tysnes kommune
Vi søker ein engasjert og utviklingsorientert kulturskulerektor som vil leie ein viktig arena for kreativitet, læring og meistring for barn og unge.
Stillinga utgjer 35 prosent i fast stilling og kan kombinerast med ledige stillingar som kulturskulelærar i piano og/eller korps.
Arbeidstid er hovudsakleg dagtid, men noko kvelds- og helgearbeid må påreknast.
Tysnes kulturskule er ein sentral del av verksemda kultur saman med bibliotek, frivilligsentral og andre kulturelle einingar. Kulturskulen har 2,7 årsverk fordelte på 5 tilsette og omlag 125 elevar. Kulturskulen tilbyr undervisning i gitar, slagverk, piano, song, teater, dans og messinginstrument. I tillegg samarbeidar kulturskulen med fleire einingar i kommunen og leverer dirigenttenester til frivillige kor og korps. Vi held til i nye og trivelege lokaler i Tysnes skule, der vi har mesteparten av undervisninga vår. Noko av undervisninga kan føregå på andre skular og bygg.
Målsettinga til Tysnes kulturskule, er at vi skal vera eit synleg, lokalt ressurssenter for musikk og kulturfagleg arbeid. Kulturskulen skal gi eit frivillig, meiningsfullt og vedvarande opplæringstilbod innan ulike kulturfag, og gi elevane høve til å oppleva meistring gjennom uttrykk og formidling ut frå den einskilde sine føresetnader.
Tysnes kulturskule legg til rette for tverrfagleg samarbeid og samhandling og er ein aktiv bidragsytar til eit rikt og variert kulturliv i kommunen.
Stillinga som kulturskulerektor er ledig frå 01.02.27.
Som kulturskulerektor vil du:
Andre oppgåver kan bli lagde til stillinga.
For å kunne ta vare på ansvarsområdet til stillinga søkjer vi deg som har:
Det kan vere ein fordel om du har:
Vi veit at kompetanse kan vere opparbeidd på ulike måtar. Dersom du kjenner deg att i mykje av det me omtalar, oppmodar vi deg til å søkje sjølv om du ikkje oppfyller alle punkta.
Vi ser etter deg som:
Vi tilbyr
Tilsetting hos oss gir deg medlemskap i KLP- kommunenes pensjonsselskap. Det betyr blant anna at du får ein av dei beste pensjonsordningane i Noreg, samt mogelegheit til å søke om bustadlån med gunstige vilkår.
I Tysnes kan du få inntil kr 25 000 i årleg avskriving av studielånet ditt frå og med 2026. Som arbeidstakar og busett i ein distriktskommune kan du ha rett til å få sletta delar av studielånet gjennom Lånekassen si nye ordning for distriktskommunar.
Synest du stillinga verkar spennande, eller har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med kontaktpersonane som står oppført i annonsen.
Søkar har sjølv ansvar for å laste opp alle relevante vedlegg innan søknadsfristen. For at søknaden skal bli vurdert, må du legge ved dokumentasjon på utdanning og arbeidserfaring, som vitnemål og tenestebevis/arbeidsattestar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du laste opp attesterte omsettingar.
Du må sende inn søknaden via Jobbnorge. Søknadar som kjem inn på andre måtar, til dømes på e‑post eller til postmottak, blir ikkje vurderte.
Ønske om unntak frå den offentlege søkarlista blir vurdert etter reglane i offentleglova. Søkarar som ber om slikt unntak, blir varsla dersom ønsket ikkje kan takast til følge.
Tysnes kommune ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke ledige stillingar uavhengig av kjønn, alder, funksjonsnedsetting eller fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Vi ønsker å legge til rette for ei inkluderande rekruttering.
AIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 13 jobber for ledere av utdanning og undervisning i Vestland de siste 90 dagene.
910 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 835 000 og 995 000 kr.
Annonsen sier: lønn etter tariff.AI
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 5 andre ledige jobber for ledere av utdanning og undervisning i Vestland nå, hos 5 arbeidsgivere.
Se alle ledige stillinger som kulturskulerektor i Vestland
Vil du vite når det kommer nye stillinger som kulturskulerektor i Tysnes?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.De har 10 andre ledige stillinger hos oss nå, og de har lyst ut 12 stillinger siden juli 2026.
www.tysnes.kommune.noOrg.nr 976830849
Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!
Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggande senter utanfor Bergen. Spør du oss, er dette den beste kommunen i verda å vekse opp i. Når vi tel både store og små, er vi om lag 3000 godlynte innbyggarar i Tysnes.
Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles ferjesamband mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Vi er opptatt av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.
Annonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer b789d629-dfd4-478a-9b68-8a2f8d1a1fe2. Se den hos Nav · Se original annonse hos arbeidsgiver
Frist
15 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen under Lagret.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Tysnes kommune.
Hildegunn Sørfonn
Kommunalsjef oppvekst og kultur
hildegunn.sorfonn@tysnes.kommune.no+47 992 14 806