Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Dette er tolket fra annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder.
Serviceseksjonen i Psykisk helsevern har ledig 100 % fast stilling som helsesekretær/sekretær med arbeidsstad ved Psykiatrisk klinikk i Førde.
Seksjonen har ansvar for merkantile tenester, mottak av besøkande, telefoni, sakshandsaming og kvalitetsarbeid. Vi er 17 tilsette fordelt på kontorstadane Nordfjordeid, Florø, Førde og Sogndal,.og er ein del av Psykisk helsevern i Helse Førde.
Vil du vere ein viktig støttespelar i ein travel og spennande arbeidskvardag?
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Beathe Monica Solheim, Seksjonsleiar, (+47) 97 15 35 87
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5202675542
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.12.2026
Søknadsfrist: 15.11.2026
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.