Gratis å prøve, uten konto. Vi leser kravene i annonsen og viser hvilke av dem CV-en din dekker.
Hjemmekontor, språk og kravene er tolket fra annonseteksten med AI og kan inneholde feil. Annonsen gjelder.
Avdeling for medisinsk sekretærteneste ved Førde sentralsjukehus har ledig 70 % fast stilling som helsesekretær/sekretær.
Avdelinga har sju tilsette som utfører sekretæroppgåver for radiologisk avdeling.
Du blir ein del av eit inkluderande sekretærteam med felles kontorlandskap og tett samarbeid med radiografar, radiologar og andre faggrupper ved avdelinga. Dette gir varierte arbeidsdagar i eit aktivt og tverrfagleg arbeidsmiljø.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Hanne Irene Emberland Bildøy, Avdelingssjef, 578 31 325
Svanehaugsvegen 2
6810 Førde
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5202522998
Stillingsprosent: 70%
Fast
Startdato: 04.01.2027
Søknadsfrist: 15.11.2026
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.