Ved fleire av skulane våre og på SFO er det behov for vikarar.
Dette gjeld både lærarar, fagarbeidarar og assistentar.
Me oppmodar studentar og andre som har lyst og moglegheit til å søkja her på denne opne søknaden eller kontakta eininga direkte.
På søknadsskjemaet kan du krysse av for kva skule/sfo det er aktuelt for deg å jobbe.
Link til søknadsskjema:
Søk herLuster kommune ligg inst i Sognefjorden og er arealmessig blant dei aller største kommunane i Sør-Noreg.
Kommunen rommar både mektige tindar, djupe fjordar og snødekte brear. Folketalet nærmar seg 5500 innbyggjarar. Det er eit allsidig næringsliv med vekt på vasskraftproduksjon, landbruk og bærdyrking, reiseliv og turisme, innovativ profilering- og trykkeriverksemd. Kommunesenteret Gaupne ligg rundt 25 minutt frå regionsenteret Sogndal. Luster har mange levande bygder og aktive lokalsamfunn. Det er eit godt og breitt kommunalt tenestetilbod. Meir informasjon finn du på: www.luster.kommune.no
Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/f8915265-a527-4dd3-a2c7-d0ef4f693575