Øygarden kommune Gangstø ressurssenter
Øygarden kommune Gangstø ressurssenter søker lærar 100% fast i Fjell. Fast, heltid. Krav: bachelorgrad, førerkort B. Søknadsfristen er 7. desember 2026.
Skrevet av Øygarden kommune Gangstø ressurssenter
Vi søkjer lærar i 100 % fast stilling med snarleg oppstart.
Gangstø ressurssenter er ein alternativ opplæringsarena for ungdomsskulane i Øygarden kommune. Tilbodet er retta mot elevar som av ulike årsaker ikkje meistrar skulekvardagen ved heimeskulen sin. Gjennom høg grad av tilpassa opplæring, tett oppfølging og støtte frå trygge vaksne arbeider vi for å styrkje elevane si trivsel, meistring og utvikling.
Ved Gangstø ressurssenter har vi elevar frå 8.-10. trinn, med plass til åtte elevar. Her møter du eit tverrfagleg team beståande av åtte tilsette med ulik fagleg bakgrunn. Vi har eit inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte vaksne som ser ressursane og moglegheitene hos kvar einskild elev.
Du vil bli del av eit arbeidsmiljø med høge faglege ambisjonar, der samarbeid, utvikling og relasjonsbygging står sentralt. Samstundes vil du få ansvar og høve til å utvikle eigne styrkar og interesser. Arbeidskvardagen er variert og meiningsfull, med undervisning både på skulen og gjennom aktivitetar utanfor klasserommet. Ressurssenteret er lokalisert i Blomvåg nord i Øygarden kommune.
Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.
Gunhild Fjell: 984 04 922
gunhild.fjell@oygarden.kommune.no
Merete Ingebrigtsen
merete.ingebrigtsen@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema:
Søk herAIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 52 jobber for grunnskolelærere i Vestland de siste 90 dagene.
710 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 660 000 og 755 000 kr.
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 31 andre ledige jobber for grunnskolelærere i Vestland nå, hos 28 arbeidsgivere. 4 av dem kom den siste uken.
Se alle ledige stillinger som lærar 100% fast i Vestland
Vil du vite når det kommer nye stillinger som lærar 100% fast i Øygarden?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.Gangstø ressurssenter si skuleavdeling, held til på gamle Algrøy barneskule.
Skulen er eit tilbod til elevar på ungdomskuletrinnet , som av ulike årsaker ikkje meistrer skulekvardagen på heimeskulen sin.
Gjennom høg grad av tilpassa opplæring og stor voksen tettheit ynskjer vi auke meistring og trivsel hjå eleven.
Annonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer 432cb67a-26d1-4203-8123-bfcd8367aa09. Se den hos Nav
Frist
16 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen under Lagret.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Øygarden kommune Gangstø ressurssenter.
Gunhild Fjell
Avdelingsleiar
gunhild.fjell@oygarden.kommune.no+47 984 04 922