Alver kommune
Alver kommune søker undervisningsstilling 100% vikariat i Manger. Vikariat, heltid. Krav: bachelorgrad. Søknadsfristen er 2. desember 2026.
Skrevet av Alver kommune
Radøy ungdomsskule søkjer ein dyktig og engasjert lærar til eit 100% vikariat frå 01.01.2023-31.07.2027. Du vil få mogelegheit til å bli ein del av eit aktivt læringsmiljø som jobbar målretta for elevane sin trivsel og utvikling.
Radøy ungdomsskule ligg sentralt på Manger med nærleik til flott natur. Skulen har 28 tilsette som brenn for å skape ein god læringsarena for våre flotte elevar.
I denne rolla vil du få mogelegheit til å utøve verdas beste og viktigaste jobb – undervisning!
Du vil vere med på å skape eit inkluderande og støttande skulemiljø der elevane trivst og lukkast. Saman med våre engasjerte medarbeidarar vil du samarbeide om felles skuleutvikling og bidra til å leggje til rette for eit sterkt samarbeid mellom skulen og heimen.
Det er for tida ledig eit vikariat som lærar i 100% stilling frå januar 2026.
Aktuelle fag er norsk, engelsk og spesialpedagogikk. Noko av stillinga vil vere fast vikar til behov som oppstår.
Vi ser etter ein lærar med godkjent lærarutdanning og undervisningskompetanse for ungdomsskulen. Du har sterke faglege og didaktiske kunnskapar. Du er ein tydeleg og strukturert klasseleiar som evnar å tilpasse undervisninga til kvar einskild elev sine behov.
Det er ønskeleg med kompetanse i norsk, engelsk og spesial pedagogikk.
Vi verdset eigenskapar som evna til å byggje sterke relasjonar til både ungdommar og vaksne. Fleksibilitet, løysingsorientering og samarbeidsvilje er viktige eigenskapar for å trivast i vårt dynamiske miljø. Du har høge ambisjonar for elevane, kollegaene og deg sjølv, og set alltid elevane sin trivsel og læring først. Di positive haldning og gode humør vil bidra til ein inspirerande og energisk arbeidsplass. Du er ein tydleg og strukturert klasseleiar som evnar å tilpasse undervisning til kvar einskild elev sine behov.
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Video:
https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommuneI tråd med opplæringslova § 10- 9vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
AIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 52 jobber for grunnskolelærere i Vestland de siste 90 dagene.
710 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 660 000 og 755 000 kr.
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 3 andre ledige jobber for grunnskolelærere i Alver nå, hos én arbeidsgiver.
Se alle ledige stillinger som undervisningsstilling 100% vikariat i Alver
Vil du vite når det kommer nye stillinger som undervisningsstilling 100% vikariat i Alver?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.De har 28 andre ledige stillinger hos oss nå, og de har lyst ut 47 stillinger siden juli 2026.
www.alver.kommune.noOrg.nr 975299163
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
Annonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer 3c01fad0-9c42-4805-81df-d35df52750d9. Se den hos Nav · Se original annonse hos arbeidsgiver
Frist
11 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen under Lagret.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Alver kommune.
Marianne Herø
Rektor
marianne.hero@alver.kommune.no+47 986 15 415