Alver kommune
Alver kommune søker undervisningsstilling - 100% vikariat - Seim skule i Seim. Vikariat, heltid. Krav: bachelorgrad. Søknadsfristen er 22. november 2026.
Dette er tolket fra annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder.
Det blir ledig mellombels undervisningsstilling ved Seim skule i Alver kommune frå 01.01.2027 og fram til 31.07.2027. Stillinga kan bli tillagt kontaktlærarfunksjon på 6.trinn. Vikariatet kan bli forlenga utover hausten 2027 ut frå vikarbehovet ved skulen frå haust 2027.
Du kan lese meir om skulen her.
Seim skule er ein barneskule med 125 elevar og omlag 20 tilsette. Visjonen til skulen er «Ein skule for framtida med fokus på leik, læring og meistring».
Skulen var nybygt til skuleåret 2013/2014, og ligg sentralt på Seim, ca 10 minutt køyring frå Knarvik langs Fv 57. Vi tør påstå at vi har eit godt arbeidsmiljø på skulen vår, og at utfordringar blir løyst i fellesskap.
Det er ønskjeleg med lærarutdanning, 1-7, 5-10 eller tilsvarande kompetanse.
Kompetanse i matematikkfaget og erfaring med Individuelt tilrettelegging (ITO) er ein fordel.
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Video:
https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommuneI tråd med opplæringsl § 10- 9vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Søknadsfristen er 22. november 2026.
Jobben er i Seim.
De ber om bachelorgrad. Dette er tolket fra annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Alver kommune.
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
Frist · 18 dager til frist
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Kristine Lunde
Rektor
kristine.glatved-prahl.lunde@alver.kommune.no+47 976 66 101Lagre søket, så sier vi fra på e-post når det kommer nye stillinger.
Sett opp jobbvarselDette er tolket fra annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder.