Bømlo kommune
Bømlo kommune søker vikar for lærarar og miljøpersonale i Bømloskulen i Mosterhamn, Bremnes, Bømlo, Rubbestadneset og Finnås. Vikariat, heltid. Krav: bachelorgrad. Søknadsfristen er 18. juni 2027.
Skrevet av Bømlo kommune
Bømlo kommune har behov for tilkallingsvikarar for både undervisningspersonale (lærarar), miljøarbeidarar (assistentar) og miljørettleiarar i grunnskulane gjennom skuleåret 2026/2027.
Kommunen må etter Opplæringslova § 17-7 leggja til rette for at skulane har tilgang på vikarar, og denne stillingsutlysinga vil fungera som ein «vikarpool». Vikarbehovet oppstår ofte på kort varsel og variera mellom skulane. Det kan òg bli aktuelt med tilsetjing i kortare vikariat.
Om skulane
Det er åtte grunnskular i Bømlo. Fem av desse er barneskular, ein er rein ungdomsskule og to er kombinerte barne- og ungdomsskular. Storleiken varierer frå ca 75 elevar på dei minste skulane, til ca 350 elevar på dei største. Fleire opplysningar om grunnskulane og kontaktopplysningar finn du på skulane si heimeside:
Skulane i BømloSøknadsprosess:
Me tek i mot søknader fortløpande. Du vil i søknaden få spørsmål om kva type vikarstilling (lærar/miljøpersonale) du søkjer og om du er interessert i kortare vikariat. Aktuelle kandidatar vil bli kontakta av den einskilde skule då alle rektorane vil ha oversikt over inkomne søknadar.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
I vurderinga legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon.
Høyrest dette ut som noko for deg? Send søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga, kontakt rektorar på dei skulane du ynsker å vera vikar på.
Kari Østensen, Rektor v/Svortland skule, 993 86 606
Maryann Steinsbø, Rektor v/Gilje skule, 992 77 987
Olaug Norenes Hovda, Rektor v/Våge skule, 404 64 340
Joakim Lund, Rektor v/Moster skule, 930 08 438
Torunn Hatlevik, Rektor v/Hillestveit skule, 934 61 743
Christin Klubben, Rektor v/Bremnes ungdomsskule, 957 74 456
Tone Baugstø, Rektor v/Rubbestadneset skule, 990 34 994
Katrine Hausberg, Rektor v/Meling skule, 958 35 391
Arbeidsgivar: Bømlo kommune
Referansenr.: 5152923081
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 10.08.2026
Sluttdato: 18.06.2027
Søknadsfrist: 18.06.2027
AIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 54 jobber for grunnskolelærere i Vestland de siste 90 dagene.
710 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 660 000 og 755 000 kr.
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 27 andre ledige jobber for grunnskolelærere i Vestland nå, hos 26 arbeidsgivere. 2 av dem kom den siste uken.
Se alle ledige stillinger som lærer i Vestland
Vil du vite når det kommer nye stillinger som lærer i Bømlo?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 500 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 800 årsverk, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
ForsikringBømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Se hva Brønnøysundregistrene sier om Bømlo kommune: om firmaet finnes, om det er konkurs og hvor lenge det har vært registrert.
Sjekk firmaetAnnonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer 706ebe65-ec4b-49c6-9001-2911c1e40d9d. Se den hos Nav
Frist
203 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen i fanen Lagret på Stillinger.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker, og få CV og søknadsbrev skrevet for jobben.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Bømlo kommune.
Katrine Hausberg
Rektor v/Meling skule
+47 958 35 391