Lom Kommune Sentraladministrasjon
Lom Kommune Sentraladministrasjon søker helsefagarbeider i hjemmetjenesten i Lom. Vikariat, heltid. Krav: fagbrev, førerkort B. Turnus. Søknadsfristen er 2. desember 2026.
Skrevet av Lom Kommune Sentraladministrasjon
No har vi ledig 100 % svangerskapsvikariat med varigheit til 31.12.2027, og vi håpar du har lyst til å bli ein del av laget vårt. Søknadsfrist: 02.12.2026
I heimesjukepleia i Lom kommune er ingen dagar heilt like. Her møter du menneske i ulike livssituasjonar, byggjer gode relasjonar og bidreg til at innbyggjarane våre kan bu trygt og godt heime så lenge som mogleg.
Hjå oss blir du del av eit inkluderande fagmiljø med engasjerte kollegaer. Vi samarbeider tett på tvers av tenestene og er opptekne av å utvikle gode og heilskaplege helse- og omsorgstenester.
Gi pleie, behandling og oppfølging til brukarar i eigen heim.
Bidra til at brukarane opplever trygge, heilskaplege og gode tenester.
Samarbeide med pårørande, kollegaer og andre faggrupper.
Dokumentere og planleggje arbeidet i Profil og Mobil Omsorg.
Ta i bruk og bidra til vidare utvikling av velferdsteknologiske løysingar.
Delta i kvalitets- og forbetringsarbeid og vere med på å utvikle tenesta.
Bidra til godt tverrfagleg samarbeid på tvers av tenesteområda.
Er autorisert helsefagarbeidar eller omsorgsarbeidar.
Er trygg, fleksibel og tek ansvar.
Likar å arbeide både sjølvstendig og saman med andre.
Er løysingsorientert og trivst i ein variert arbeidskvardag.
Kommuniserer godt med brukarar, pårørande og kollegaer.
Er fagleg engasjert og ønskjer å utvikle både deg sjølv og tenesta.
Bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
Vi ønskjer at du har:
offentleg godkjent autorisasjon som helsefagarbeidar eller omsorgsarbeidar
erfaring frå liknande arbeid er ein fordel, men ikkje eit krav
gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
førarkort klasse B
gyldig politiattest
Personlege eigenskapar blir lagde stor vekt på.
Hjå oss får du meir enn ein jobb -- du blir del av eit fagmiljø der vi tek vare på kvarandre og jobbar saman for å gi innbyggjarane best mogleg tenester.
100 % svangerskapsvikariat med oppstart etter avtale og varigheit til 31.12.2027.
Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag.
Eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer.
Gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving.
Fagmøtetid i turnus.
Tett samarbeid på tvers av fagområde og tenester.
Moglegheit til å påverke utviklinga av framtidas helse- og omsorgstenester i Lom kommune.
Turnus med dag-, kveld- og nattevakter, og for tida arbeid kvar tredje helg.
Løn etter avtale og gode kommunale tilsetjingsvilkår.
Ved interne opprykk kan det bli ledige stillingar i andre stillingsbrøkar. Tilsetting til desse kan bli gjort blant søkjarane til denne utlysinga.
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Namn på søkjarar vil bli gjort offentleg i samsvar med gjeldande regelverk.
Det er krav om godkjend politiattest ved tilsetting.
AIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 99 jobber for helsefagarbeidere i Innlandet de siste 90 dagene.
610 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 545 000 og 645 000 kr.
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 38 andre ledige jobber for helsefagarbeidere i Innlandet nå, hos 29 arbeidsgivere. 10 av dem kom den siste uken.
Se alle ledige stillinger som helsefagarbeider i hjemmetjenesten i Innlandet
Vil du vite når det kommer nye stillinger som helsefagarbeider i hjemmetjenesten i Lom?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.De har én annen ledig stilling hos oss nå, og de har lyst ut 5 stillinger siden juli 2026.
www.lom.kommune.no/aktuelt/vil-du-vere-med-og-gjere-ein-forskjell-kvar-dag.120780.aspxOrg.nr 974592231
I Lom får du kombinere ein meiningsfull jobb med eit aktivt bygdeliv og storslått natur rett utanfor døra. Hjå oss blir du del av eit godt fagmiljø der du blir sett, får ansvar og har moglegheit til å påverke.
Annonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer 656f6d2c-77f4-4a9e-a899-35724ebcad4f. Se den hos Nav
Frist
11 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen under Lagret.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Lom Kommune Sentraladministrasjon.
Guro Einbu
Konstituert avdelingsleiar
guro.einbu@lom.kommune.no+47 404 37 941