Lom Kommune Sentraladministrasjon
Lom Kommune Sentraladministrasjon søker rådgiver Dokumentasjon i Lom og Skjåk. Fast, heltid. Krav: bachelorgrad eller fagskole, 1-3 års erfaring, førerkort B. Søknadsfristen er 7. desember 2026.
Skrevet av Lom Kommune Sentraladministrasjon
Lom og Skjåk kommunar har etablert eit felles tilsynssamarbeid innan forureining og byggesak, og vi søkjer no ein rådgjevar i 100 % fast stilling. Dette er ei nyoppretta stilling der du får høve til å vere med frå starten og påverke korleis tilsynsarbeidet skal organiserast og utviklast i åra som kjem.
Gjennom arbeidet ditt skal du bidra til at kommunane tek vare på miljøet og sikrar at lover og reglar blir følgde. Du vil arbeide med tilsyn etter forureiningsforskrifta og plan- og bygningslova, og du vil vere ein viktig ressurs for både innbyggjarar, næringsliv og kommunane.
Arbeidsoppgåvene dine
Som tilsett i denne stillinga får du eit særleg ansvar for å utvikle og etablere tilsynsarbeidet innanfor forureiningsforskrifta. Den fyrste tida skal du utarbeide tilsynsplan og rutinar, og finne arbeidsmåtar som legg grunnlaget for eit godt og langsiktig tilsynsarbeid i kommunane.
Arbeidsoppgåvene dine vil vidare vere å:
planleggje, førebu, gjennomføre og rapportere tilsyn
rettleie innbyggjarar, næringsdrivande og utbyggjarar om regelverk og god praksis
samarbeide tett med fagområda VAR, byggesak, miljø og landbruk
bistå med sakshandsaming ved behov.
Du vil få fagansvar for tilsynsarbeidet etter forureiningsforskrifta og plan- og byggesakslova.
Kvalifikasjonar
Vi ønskjer at du har:
relevant høgare utdanning innan tekniske fag eller miljøfag, eller teknisk fagskule. Særleg relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet
gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg
gode digitale ferdigheiter
førarkort klasse B
Vi legg stor vekt på personleg eignaheit og oppfordrar også nyutdanna til å søkje.
er fagleg trygg
trivst i møte med menneske og kommuniserer godt med både innbyggjarar, næringsliv og kollegaer
arbeider strukturert og sjølvstendig
samarbeider godt med andre og finn gode løysingar
har engasjement for å utvikle fagområdet
ønskjer å vere med på å byggje opp det interkommunale tilsynssamarbeidet.
Stillinga inneber både kontorarbeid og arbeid ute i felt. Kontorstad vil i hovudsak vere kommunehuset i Lom.
Fordi dette er eit nyetablert samarbeid, kan arbeidsoppgåver og organisering bli justerte i takt med erfaringar og vidare utvikling av tenesta.
Kvifor velje oss?
Hjå oss får du:
ei sentral rolle i eit nytt interkommunalt samarbeid
høve til å påverke utviklinga av fagområdet
ein variert arbeidskvardag med både kontorarbeid og arbeid ute i felt
eit inkluderande og tverrfagleg arbeidsmiljø
gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving
fleksibel arbeidstid
konkurransedyktig løn
gode pensjonsordningar
AIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 23 jobber for høyere saksbehandlere i offentlig og privat virksomhet i Innlandet de siste 90 dagene.
745 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 650 000 og 855 000 kr.
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 4 andre ledige jobber for høyere saksbehandlere i offentlig og privat virksomhet i Innlandet nå, hos 4 arbeidsgivere.
Se alle ledige stillinger som rådgiver dokumentasjon i Innlandet
Vil du vite når det kommer nye stillinger som rådgiver dokumentasjon i Lom?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.De har én annen ledig stilling hos oss nå, og de har lyst ut 5 stillinger siden juli 2026.
www.lom.kommune.noOrg.nr 974592231
Lom og Skjåk kommunar har til saman om lag 4 300 innbyggjarar og ligg midt i eit område kjend for storslått natur, levande bygder og eit variert næringsliv. Her finn du gode moglegheiter for friluftsliv året rundt, eit rikt organisasjons- og kulturliv og ein kvardag med kort veg til natur og fellesskap.
Annonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer 5c076c21-97e3-4e5c-bd0f-5264a1bc14b2. Se den hos Nav
Frist
16 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen under Lagret.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Lom Kommune Sentraladministrasjon.
Anne Silje Berg
Tenesteleiar plan, byggesak og miljø
anne.silje.berg@lom.kommune.no+47 905 83 658