Tysnes kommune
Tysnes kommune søker pedagogisk leiar/ Barnehagelærar i Onarheim og Uggdal. Fast, heltid. Krav: bachelorgrad. Søknadsfristen er 29. november 2026.
Skrevet av Tysnes kommune
Tysnes kommune har ledig to faste stillingar i 100 % som pedagogisk leiar og barnehagelærar.
Barnehagane i Tysnes kommune er kommunale og ligg i bygdene, Våge, Lunde, Uggdal og Onarheim. Barnehagane fokuserer på eit trygt og inkluderande miljø der leik, omsorg og læring står sentralt. Vi legg vekt på å gi barna gode opplevingar i eit trygt fellesskap.
Barnehagane er organisert under oppvekstområde i kommunen. Kvar barnehage har sitt eige preg og nærmiljø, samstundes som dei samarbeider om kvalitet og utvikling av barnehagetilbodet.
Arbeidsstad er ikkje fastsett på førehand. Tilsetting blir gjort i Tysnes kommune, og det blir avklart kva barnehage du skal arbeide i ut frå behovet i kommunen.
Som pedagogisk leiar må du i tillegg:
Ved ei eventuell tilsetting må du legge fram:
Vi ser etter deg som:
Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt.
Hos oss får du både faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø prega av rausheit, delingskultur og høg kompetanse.
Tilsetting hos oss gir deg medlemskap i KLP- kommunenes pensjonsselskap. Det betyr blant anna at du får ein av dei beste pensjonsordningane i Noreg, samt mogelegheit til å søke om bustadlån med gunstige vilkår.
Du blir tilsett i rett stillingskode ut frå kompetanse, med lønsplassering kapittel 4 i det kommunale regulativet. Ansiennitetstrinna går her frå 0-16 år. Løna blir justert årleg gjennom sentrale forhandlingar. Somme år blir det gjennom dei sentrale forhandlingane også tildelt ein pott til lokale justeringar.
I Tysnes kan du få inntil kr 25 000 i årleg avskriving av studielånet ditt frå og med 2026. Som arbeidstakar og busett i ein distriktskommune kan du ha rett til å få sletta delar av studielånet gjennom Lånekassen si nye ordning for distriktskommunar.
Synes du stillinga verkar spennande, eller har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med kontaktpersonane som står oppførte i annonsen.
Søkar har sjølv ansvar for å laste opp alle relevante vedlegg innan søknadsfristen. For at søknaden skal bli vurdert, må du legge ved dokumentasjon på utdanning og arbeidserfaring, som vitnemål og tenestebevis/arbeidsattestar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du laste opp attesterte omsettingar.
Du må sende inn søknaden via Jobbnorge. Søknadar som kjem inn på andre måtar, til dømes på e‑post eller til postmottak, blir ikkje vurderte.
Ønske om unntak frå den offentlege søkarlista blir vurdert etter reglane i offentleglova. Søkarar som ber om slikt unntak, blir varsla dersom ønsket ikkje kan takast til følge.
Tysnes kommune ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke ledige stillingar uavhengig av kjønn, alder, funksjonsnedsetting eller fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Vi ønsker å legge til rette for ei inkluderande rekruttering.
AIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 131 jobber for førskole-/barnehagelærere i Vestland de siste 90 dagene.
645 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 580 000 og 670 000 kr.
Annonsen sier: lønn etter tariff.AI
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 42 andre ledige jobber for førskole-/barnehagelærere i Vestland nå, hos 41 arbeidsgivere. 16 av dem kom den siste uken.
Se alle ledige stillinger som pedagogisk leiar/ barnehagelærar i Vestland
Vil du vite når det kommer nye stillinger som pedagogisk leiar/ barnehagelærar i Tysnes?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.De har 10 andre ledige stillinger hos oss nå, og de har lyst ut 12 stillinger siden juli 2026.
www.tysnes.kommune.noOrg.nr 973942441
Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!
Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggande senter utanfor Bergen. Spør du oss, er dette den beste kommunen i verda å vekse opp i. Når vi tel både store og små, er me om lag 3000 godlynte innbyggarar i Tysnes.
Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles ferjesamband mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Vi er opptekne av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.
Annonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer 605c1287-a1ab-400e-975b-c93caf11a534. Se den hos Nav · Se original annonse hos arbeidsgiver
Frist
8 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen under Lagret.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Tysnes kommune.
Wenche Fagerbakk
Einingsleiar barnehage
wenche.fagerbakk@tysnes.kommune.no+47 957 48 374