Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen søker rådgjevar (ph.d.-koordinator) ved Det samfunnsvitskaplege fakultet i Bergen. Fast, heltid. Krav: mastergrad, 1-3 års erfaring. Søknadsfristen er 1. desember 2026.
Skrevet av Universitetet i Bergen
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgAVi ønskjer deg velkomen som søkjar til fast stilling som rådgjevar med ansvar for ph.d. utdanninga ved Det samfunnsvitskaplege fakultet. Fakultetet er organisert i fleire administrative einingar og seksjonar. Som ph.d.-koordinator blir du ein del av Seksjon for økonomi- og forskingsstøtte, som yter tenester til heile fakultetet.
Vi søkjer ein medarbeidar som ønskjer å arbeide med forskarutdanning i eit komplekst og kunnskapsintensivt miljø. Stillinga passar for deg som trivst med sjølvstendig ansvar, har god gjennomføringsevne og evnar å kombinere strategisk perspektiv med sans for detaljar. Du vil inngå i eit fagmiljø som arbeider med forskarutdanning ved fakultetet, og samarbeide tett med institutta, fakultetsleiinga og sentraladministrasjonen.
Ph.d.-koordinator har eit særskilt ansvar for administrativ oppfølging, koordinering og vidareutvikling av fakultetet sitt ph.d.-program. Stillinga omfattar sjølvstendig saksbehandling, rådgjeving og kvalitetsutvikling gjennom heile ph.d.-løpet, frå opptak til disputas. Den som blir tilsett skal bidra med analyser, rapportering og utviklingsarbeid, og vere ein fagleg ressurs for leiing, institutt og kandidatar i spørsmål som gjeld forskarutdanning.
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Ved vurdering av søkjarane vil det bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er nødvendige for å lukkast i stillinga.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til assisterande fakultetsdirektør Vibeke Kyrkjebø Irgan, vibeke.irgan@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
AIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 91 jobber for universitets- og høyskolelektorer/-lærere i Vestland de siste 90 dagene.
770 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 610 000 og 920 000 kr.
Annonsen sier: fra 650 000 til 720 000 kr i året. Det er under midten for yrket.AI
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 28 andre ledige jobber for universitets- og høyskolelektorer/-lærere i Bergen nå, hos 4 arbeidsgivere. 15 av dem kom den siste uken.
Vil du vite når det kommer nye stillinger som rådgjevar (ph.d.-koordinator) ved det samfunnsvitskaplege fakultet i Bergen?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.De har 26 andre ledige stillinger hos oss nå, og de har lyst ut 76 stillinger siden juli 2026.
www.uib.no/om/84775/ledige-stillinger-ved-uibOrg.nr 883455312
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Annonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer 5a261526-a622-43ca-b6eb-522fe957b6ef. Se den hos Nav · Se original annonse hos arbeidsgiver
Frist
10 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen under Lagret.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Universitetet i Bergen.