Alver kommune
Alver kommune søker helsefagarbeider - 63% fast - Røsvikdalen omsorgsbustad pluss i Isdalstø. Fast, deltid. Krav: bachelorgrad, 4+ års erfaring, førerkort B. Turnus. Søknadsfristen er 14. desember 2026.
Skrevet av Alver kommune
Ønskjer du ein jobb der du kan gjere ein viktig forskjell for menneske med psykiske helseutfordringar? Vi søkjer ein fagleg trygg og engasjert helsefagarbeidar til ei fast nattevaktstilling ved Røsvikdalen omsorgsbustad pluss.
Hos oss får du arbeide tett på menneske som har behov for støtte, tryggleik og gode relasjonar i kvardagen. Du blir ein del av eit fagmiljø som er oppteke av kvalitet, samarbeid og utvikling, og du får stor grad av sjølvstende i arbeidet.
Stillinga er ei fast 63 % nattevaktstilling organisert med 10-timars vakter. Oppstart etter avtale
Røsvikdalen omsorgsbustad pluss er lokalisert i Knarvik og er eit heildøgnbemanna bustadtilbod for personar med psykiske helseutfordringar. Bebuarane har eigne leilegheiter og tilgang til støtte og oppfølging etter vedtak.
Hos oss står relasjonsbygging, meistring og brukarmedverknad sentralt. Vi arbeider recoveryorientert og legg vekt på å møte kvar enkelt bebuar med respekt, tryggleik og fagleg kvalitet.
Arbeidsplassen har eit engasjert fagmiljø med tilsette i ulike turnusordningar, og vi arbeider saman for å skape ein god kvardag for både bebuarar og medarbeidarar
Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Du er robust og trygg i deg sjølv, og handterer krevjande situasjonar med ei roleg og profesjonell framtoning. Du har engasjement for brukargruppa og ønskjer å bidra til tryggleik, meistring og gode dagar for menneska du møter.
Du har gode kommunikasjonsevner og er dyktig til å skape tillit og bygge relasjonar over tid. Samstundes evnar du å setje tydelege grenser når situasjonen krev det.
Du tek ansvar, arbeider sjølvstendig og gjer gode faglege vurderingar også når du står åleine på jobb. Samstundes samarbeider du godt med kollegaer og bidreg positivt til arbeidsmiljøet.
Du er open for rettleiing og tilbakemeldingar, og evnar å omsetje ny kunnskap og faglege råd til praksis. Du er fagleg nysgjerrig, har ei positiv innstilling og ønskjer å utvikle både deg sjølv og tenesta vidare.
Du trivst med varierte arbeidsdagar, er løysingsorientert og bidreg til å skape eit trygt og føreseieleg miljø for bebuarane våre
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. Bidrag til utvikling vert godt mottatt.
Vi får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Video:
https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommuneI tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
AIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 173 jobber for helsefagarbeidere i Vestland de siste 90 dagene.
610 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 545 000 og 645 000 kr.
Annonsen sier: fra 300 000 til 347 000 kr i året.AI
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 4 andre ledige jobber for helsefagarbeidere i Alver nå, hos én arbeidsgiver. 2 av dem kom den siste uken.
Se alle ledige stillinger som helsefagarbeider i Alver
Vil du vite når det kommer nye stillinger som helsefagarbeider i Alver?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.De har 28 andre ledige stillinger hos oss nå, og de har lyst ut 54 stillinger siden juli 2026.
www.alver.kommune.noOrg.nr 988240818
Tenesteområde psykisk helse og rus gjev tenester i heile Alver kommune. Tenesta har som mål å sikre likeverdige tenester utifrå den einskilde brukars individuelle behov. Hovudoppgåva er psykisk helsearbeid til unge og vaksne, som har eller er i ferd med å utvikle psykisk liding og/eller rusliding.Tilbodet vert gitt som individuell oppfylging, gruppetilbod, heildøgnsbemanna butilbod og ulike arbeid- og aktivitetstilbod. Tenesta har fleire lågterskeltilbod. Brukarmedverknad, meistring og recoverybaserte metodar er viktige rettesnorer i vårt arbeid.
Se hva Brønnøysundregistrene sier om Alver kommune: om firmaet finnes, om det er konkurs og hvor lenge det har vært registrert.
Sjekk firmaetAnnonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer 51609c1b-812a-495b-ad3b-92fc3540f593. Se den hos Nav · Se original annonse hos arbeidsgiver
Frist
16 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen i fanen Lagret på Stillinger.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker, og få CV og søknadsbrev skrevet for jobben.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Alver kommune.
Martine Haugland
Einingsleiar
martine.haugland@alver.kommune.no+47 969 00 495