Alver kommune
Alver kommune søker sjukepleiar - 100% fast - Meland sjukeheim i Frekhaug. Fast, heltid. Turnus. Søknadsfristen er 12. desember 2026.
Skrevet av Alver kommune
Vi har for tida ledig sjukepleiarstilling i todelt turnus ved Meland sjukeheim. Vi kan tilby 100% stilling som sjukepleiar i todelt turnus med arbeid kvar 3. helg. Kan og vere mulig med arbeid kvar 4. helg med langvakter i todelt turnus. Personalansvaret for denne stillinga vil ligge til den eine av avdelingane, men ein må kunne jobbe på alle avdelingar ettersom behovet forandrar seg.
Vi har også ledig sjukepleiarstilling på natt i inntill 80 %. Denne stillinga er tilknytta avdeling Solkroken.
Som sjukepleiar vil du i samarbeid med kollegaene dine vere med og organisere arbeidsdagen til beste for pasientane på avdelingane på Meland sjukeheim. Du arbeider godt i team, men også sjølvstendig. Du vil utføre sjukepleiefaglege prosedyrar, er med i eit tverrfaglig samarbeid og du har eit tett samarbeid med pasient og pårørande. Sjukeplearar jobbar med ansvarsordning på kveld og helg med ansvar for alle avdelingar. Dette er ein ekstra ressurs som gir rask tilgang til sjukepleikompetanse på alle avdelingar.
Som sjukepleiar på natt ved Meland sjukeheim vil du ha det sjukepleiarfaglege ansvaret på tvers av alle avdelingane, noko som bidreg til auka kompetanse og nye utfordringar for tilsette.
Meland sjukeheim har tre avdelingar, med fokus på dei som lever med demens, dei som treng langtidsopphald og dei som har rehabiliteringsbehov. Vår visjon er: Omsorg med livsglede og kompetanse.
Nordgardstunet er ei somatisk sjukeheimsavdeling med 24 pasientar som har ulike behov. Pasientane som er hos oss har fast plass og vi er særleg opptatt av å legge tilrette for livsglede for dei som har fått flytta heimen sin hit. Du vil få faglege utfordringar med koplekse sjukdomsbilde, og vi ønskjer gjerne at du skal ha brei sjukefagleg kompetanse/erfaring. Vi har eit godt arbeidsmiljø med lite utskiftning på faste tilsette, og mange som har heile stillingar. Meland sjukeheim arbeider med å styrkje kvalitet på tenesta. Verkemiddel her er mellom anna arbeid med årsturnus og heiltidskultur.
Lerketunet ei avdeling med 12 plassar for personer som lever med demenssjukdom og treng ekstra tilrettelegging knytt til dette. Her er det fokus på miljøarbeid, og vårt mål er å skape eit trygt og omsorgsfullt miljø der bebuarane kan få den støtta og omsorga dei treng. Gjennom eit kompetent team vil vi fokusere på individuell tilnærming og aktivisering, slik at kvar enkelt kan oppleve glede og livskvalitet.
Solkroken er ein kortidsavdeling, med fokus på rehabelitering hos pasienter som er i behov for dette. Vi har 14 sengeplassar, fordelt på 11
pasientrom. Hos oss får vi inn pasientar med ulike behov; kartlegging, rehabilitering, avlastning og lindring. På Solkroken arbeider vi tverrfagleg i samarbeid med fysio- og ergoterapitenesta, sjukeheimslege, heimeteneste, spesialhelsetjenestene og forvaltning. Pasientane våre har samansette utfordringar og er i forskjellige aldersgrupper. Vi har eit aktivt miljø og det er viktig at du kan snu deg fort når du arbeider hos oss.
Arbeidsmiljøet vårt er prega av fleksibilitet og samhold, og det er god fagkompetanse hos dei tilsette ved Solkroken.
Som nattevakt på Meland sjukeheim vil du vere med på å ivareta pasientane på heile Meland sjukeheim, men du vil vere organisert under
avdeling Solkroken.
Vi søkjer etter ein fagleg dyktig sjukepleiar med genuint engasjement for eldreomsorg som vil bidra til å utvikle sjukeheimstenesta i kommunen vår. Du er ein god rollemodell som kan arbeide både sjølvstendig og i team. Du har gode samarbeids og kommunikasjonsevner, og bidrar til eit godt samarbeid med pårørande, kollegaer og andre.
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Bli kjent med Alver kommune!
Video:
https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommuneAIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 217 jobber for sykepleiere i Vestland de siste 90 dagene.
680 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 615 000 og 740 000 kr.
Annonsen sier: lønn etter tariff.AI
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 81 andre ledige jobber for sykepleiere i Vestland nå, hos 66 arbeidsgivere. 22 av dem kom den siste uken.
Se alle ledige stillinger som sykepleier i Vestland
Vil du vite når det kommer nye stillinger som sykepleier i Alver?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.De har 25 andre ledige stillinger hos oss nå, og de har lyst ut 51 stillinger siden juli 2026.
www.alver.kommune.noOrg.nr 874586102
Sjukeheimstenesta i Alver kommune består av 5 sjukeheimar: Knarvik sjukeheim, Lindås bu-og servicesenter, Såta bu- og servicesenter,
Meland sjukeheim på Frekhaug og Velferdssenteret på Manger. Sjukeheimstenesta har ulike plassar fordelt på korttidsplassar og
langtidsplassar for somatikk og demens, palliative plassar, rehabiliteringsplassar og plassar til rullerande avlastning.
I tillegg til sjukeheimsavdelingar er kommunalt kjøkken og omsorg+ organisert i sjukeheimstenesta.
Se hva Brønnøysundregistrene sier om Alver kommune: om firmaet finnes, om det er konkurs og hvor lenge det har vært registrert.
Sjekk firmaetAnnonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer 242128cb-e34e-4f01-95d0-026e748a96b3. Se den hos Nav · Se original annonse hos arbeidsgiver
Frist
16 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen under Lagret.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker, og få CV og søknadsbrev skrevet for jobben.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Alver kommune.
Cathrine Lyngset Thorvaldsen
Einingsleiar Lerketunet
cathrine.lyngset.thorvaldsen@alver.kommune.no+47 966 10 763