Årdal kommune Pleie og omsorg
Årdal kommune Pleie og omsorg har en ledig stilling i Årdalstangen. Fast, heltid. Krav: bachelorgrad, førerkort B. Turnus. Søknadsfristen er 9. desember 2026.
Skrevet av Årdal kommune Pleie og omsorg
Ved Seimsdal sjukeheim søkjer me ein trygg, omsorgsfull og utviklingsorientert sjukepleiar som ynskjer å bidra til gode dagar for bebuarane våre. Me er opptekne av kvalitet, fagleg utvikling og ei omsorgsteneste som tek utgangspunkt i det som er viktig for kvar enkelt. Hjå oss får du ein meiningsfull arbeidskvardag der du blir ein viktig del av eit engasjert fagmiljø, med høve til å påverka og vidareutvikla tenestene saman med dyktige kollegaer.
Som sjukepleiar ved Seimsdal sjukeheim vil du ha ansvar for sjukepleiefagleg oppfølging av bebuarane og bidra til at dei opplever tryggleik, meistring og god livskvalitet. Du arbeider personorientert og med fokus på brukarmedverknad, der bebuarane sine behov og ynskje står i sentrum. Stillinga omfattar journalføring og kommunikasjon med pasientar og pårørande i tråd med gjeldande rutinar og retningslinjer. Du vil også vera ein viktig bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø og samarbeida tett med kollegaer ved både Seimsdal sjukeheim og Årdal sjukeheim.
Me søkjer deg som er autorisert sjukepleiar og som har engasjement for eldreomsorg. Du trivst med å arbeida sjølvstendig, samstundes som du verdset samarbeid og kunnskapsdeling. Du ynskjer å bidra til eit godt læringsmiljø for studentar og lærlingar, og ser verdien av å rettleia og dela erfaringar med andre.
Det er ein fordel om du har kjennskap til dokumentasjonssystemet Gerica. Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg, og førarkort for bil.
Me legg vekt på at du er fagleg engasjert, løysingsorientert og oppteken av kvalitet i tenestene. Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, møter andre med respekt og omsorg, og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø. Vidare er du fleksibel, ansvarsbevisst og trygg i møte med menneske i ulike livssituasjonar.
Hjå oss får du ein meiningsfull jobb der du kvar dag bidreg til å skapa gode opplevingar og tryggleik for bebuarane våre. Du blir ein del av eit inkluderande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer og gode moglegheiter for fagleg utvikling. Seimsdal sjukeheim har innført årsturnus, som gir føreseielege rammer og større påverknad på eigen arbeidssituasjon.
Me tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar, løn etter Hovudtariffavtalen og tilgang til bedriftshytte på Skeikampen.
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt. Me oppmodar både nyutdanna og erfarne sjukepleiarar om å søkja.
Bli med og skap gode dagar for dei som treng oss mest.
Link til søknadsskjema:
Søk herAIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 217 jobber for sykepleiere i Vestland de siste 90 dagene.
680 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 615 000 og 740 000 kr.
Annonsen sier: lønn etter tariff.AI
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 81 andre ledige jobber for sykepleiere i Vestland nå, hos 65 arbeidsgivere. 22 av dem kom den siste uken.
Se alle ledige stillinger som sykepleier i Vestland
Vil du vite når det kommer nye stillinger som sykepleier i Årdal?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.De har én annen ledig stilling hos oss nå, og de har lyst ut 3 stillinger siden juli 2026.
Org.nr 988057851
Når du kjem innover langs Sognefjorden og trur du snart ikkje kan koma lengre, der finn du tekonologibygdi Årdal som òg er nasjonalparkkommune.
Årdal er vertskap for fleire populære festivalar med besøk av folk frå fjern og nært. Kommunen har aktive grupper innan alt ein kan driva med på fjord og i fjell og er ein kulturell- og idrettsaktiv kommune.
I kommunen er det har seks barnehagar, to skular, ein vidaregåande skule.
På Skeikampen har me ei koseleg bedriftshytte for tilsette.
Me har gode stipendordningar til etter og vidareutdanning. Meir informasjon om kommunen finn du på heimesida vår www.ardal.kommune.no, www.dittardal.no og www.visitardal.no. Sjekk oss gjerne på Facebook og Instagram.
Velkomen til oss i Årdal !
Se hva Brønnøysundregistrene sier om Årdal kommune Pleie og omsorg: om firmaet finnes, om det er konkurs og hvor lenge det har vært registrert.
Sjekk firmaetAnnonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer 736b9bed-4f97-4baf-9f1b-3068ac566f10. Se den hos Nav
Frist
13 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen i fanen Lagret på Stillinger.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker, og få CV og søknadsbrev skrevet for jobben.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Årdal kommune Pleie og omsorg.
Mette Kleiva
mette.kleiva@ardal.kommune.no+47 975 12 679