Dette er ei fellesannonse der du som ønskjer å vere tilkallingsvikar i barnehagane og skulane i Sør-
Fron kan melde di interesse. Sør-Fron kommune har for tida 2 barnehagar og 2 grunnskuler:
Ifrå hausten 2026 er det ein felles 1.-10. skule på Harpefoss.
Vi ber om at du oppgjev i søknaden om du ønskjer skule, barnehage eller begge deler, da dette har betydning for kva for politiattest som må leverast.
Søknadane blir behandla løpande.
Dersom din søknad er av interesse vil du bli kontakta for samtale.
Tilkallingsvikar i barnehagane og skulane i Sør-Fron.
Det er ønskjeleg at søkjarar har relevant erfaring og interesse for arbeid med barn og unge.
Politiattest av nyare dato er eit krav for stillingane.
Personleg eignaheit, fleksibilitet og gode samarbeidsevner vil bli vektlagt.
Anne Rannveig Almehagen, Rektor Midtbygda og Harpefoss skule, 48092032, anne.almehagen@sor-fron.kommune.no
Lisbeth T. Clausen, Fungerende rektor Sør-Fron ungdomsskule, 97665350, lisbeth.clausen@sor-fron.kommune.no
Liv Randi Sundhagen, Styrer Harpefoss barnehage, 48124885, liv.randi.sundhagen@sor-fron.kommune.no
Mette Gjefsen, Styrer Liene barnehage, 97 71 94 41, mette.gjefsen@sor-fron.kommune.no
Kommunevegen 1
2647 SØR-FRON
Arbeidsgiver: Sør-Fron kommune
Referansenr.: 5064821010
Stillingsprosent: 1%
Vikar
Søknadsfrist: 31.12.2026
Vår visjon er «den grøne kulturbygda».
Sør -Fron er ei bygd med skaparkraft og hjarterom – ei trygg, inkluderande og innovativ kulturbygd med moglegheiter for alle. Trua på samhandling, likeverd og fellesskap skal vera førande for korleis vi løyser og utviklar oppgåvene våre saman.
Vi er om lag 400 tilsette som er stolte av å kunne levere gode tenester kvar dag til vel 3000 innbyggarar og fritidsinnbyggarar i Sør-Fron kommune.
Sør-Fron kommune skal vera inkluderande og mangfaldig, og våre tilsette skal spegle kommunen si befolkning. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søke jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, kjønnsidentitet, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn. Sør-Fron kommune legg vekt på å legge arbeidstilhøva til rette dersom du har behov for det.
Offentleg søkarliste:
Sør-Fron kommune praktiserer prinsippet om meiroffentlegheit. Offentleg søkarliste vil normalt innehalde namn på samtlege søkarar. Det må ligge føre tungtvegande grunnar for å få innvilga unntak, jamfør Offentleglova §25.