Læring og meistring, Helse Førde
Læring og meistring, Helse Førde søker lege i spesialisering i Førde. Vikariat, heltid. Krav: mastergrad, 1-3 års erfaring. Dagtid. Søknadsfristen er 8. desember 2026.
Skrevet av Læring og meistring, Helse Førde
Vi søkjer LIS i fysikalsk medisin og rehabilitering til eit års 100% vikariat ved Førde sentralsjukehus, oppstart snarast eller etter avtale. Stillinga er utan vaktordning.
Også legar som ventar på LIS1-teneste er velkomne til å søkje.
Er du interessert i Fysikalsk medisin og rehabilitering har vi den rette stillinga for deg. Her vil du møte eit breidt spekter av problemstillingar innan muskel- og skjelettlidingar, rehabilitering, nevrologi, smerteproblematikk og arbeidsrettet oppfølging. Du vil få høve til å følgje pasientar over tid og bidra til å gi pasientane betre funksjon, utfolding og livskvalitet etter sjukdom eller skade.
Vi tilbyr spanande og utviklande stillingar med god moglegheit til å vere med og påverke dette allsidige og spanande fagfeltet si vekst og utvikling? Her er det mogleg å bidra både i sengepost, poliklinikk, gruppebasert behandling og opplæring. Våre legar går ikkje vakt. Vi har tre overlegar og ein LIS.
I sengepost er det tett samarbeid i to tverrfaglege team med god dekning av alle relevante faggrupper, nevropsykolog etter tilvising. Sengeposten er samlokalisert med nevrologi. I vårt sjukehus opplever vi også at vegen til drøftingar og samarbeid med andre fagområder er kort.
Hos oss vil du oppleve tett samarbeid / oppfølging, gode moglegheiter for fagleg utvikling og ein arbeidskvardag prega av samarbeid, læring og faglig interesse. Du blir del av eit sterkt tverrfagleg fagmiljø og får arbeide tett med erfarne terapeutar frå ulike faggrupper. Både i klinisk arbeid, utforming av nye metodar, bruk av ny teknologi (VR), forsking og akademika har vi mykje å tilby. Det er gode sjansar for at nettopp du vil trivast godt hjå oss.
Arbeidsoppgåver og ansvar vert tilpassa di erfaring, kompetanse og faglege utvikling.
Nærområde til sjukehuset har mykje å tilby innan friluftsliv, idrett, kultur og andre opplevingar. Sunnfjord har eit rikt og variert næringsliv med gode arbeids og karrieremoglegheiter.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Are Mikael Lillebø, Seksjonsleiar, (+47) 578 39 873
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Arbeidsgivar: Helse Førde
Referansenr.: 5204450409
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 08.12.2026
AIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 76 jobber for allmennpraktiserende leger i Vestland de siste 90 dagene.
945 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 775 000 og 1 365 000 kr.
Annonsen sier: lønn etter tariff.AI
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 6 andre ledige jobber for allmennpraktiserende leger i Sunnfjord nå, hos 5 arbeidsgivere. 1 av dem kom den siste uken.
Se alle ledige stillinger som lege i spesialisering i Sunnfjord
Vil du vite når det kommer nye stillinger som lege i spesialisering i Sunnfjord?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Annonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer 25047267-6a41-4f4c-abc6-7e7219d55939. Se den hos Nav
Frist
17 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen under Lagret.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Læring og meistring, Helse Førde.
Are Mikael Lillebø
Seksjonsleiar
+47 578 39 873