Gratis å prøve, ingen konto før du vil lagre. Vi leser kravene i annonsen og viser hvilke av dem CV-en din dekker.
Hjemmekontor, språk og kravene er tolket fra annonseteksten med AI og kan inneholde feil. Annonsen gjelder.
Augeavdelinga ved Førde sentralsjukehus søkjer ein medisinstudent med lisens for sommaren 2027. Arbeidsperiode: 14.06.2027 - 15.08.2027.
Vi søkjer medisinstudent med lisens som har interesse for, og gjerne erfaring innan, oftalmologi.
Augeavdelinga har ni legestillingar, der fire er LIS-stillingar, i tillegg til optikar og sjukepleiarar. Vi har høg poliklinisk aktivitet innan alle delar av augefaget, samt betydeleg kirurgisk aktivitet.
Vi har engasjerte og dyktige medarbeidarar og eit godt arbeidsmiljø.
Vi ber om at eventuelle ønskje om ferie i arbeidsperioden blir opplyste i søknaden.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
Andreas Dahl, Avdelingssjef, 991 03 573
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5201507630
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 14.06.2027
Sluttdato: 15.08.2027
Søknadsfrist: 17.01.2027
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.