Luster kommune Hafslo omsorgssenter
Luster kommune Hafslo omsorgssenter har en ledig stilling i Hafslo. Fast, heltid. Krav: bachelorgrad, 1-3 års erfaring, førerkort B. Turnus. Søknadsfristen er 7. desember 2026.
Skrevet av Luster kommune Hafslo omsorgssenter
Vil du vere med og skape gode dagar? Hafslo omsorgssenter søkjer sjukepleiar, vernepleiar eller helsefagarbeidar!
Vil du ha ein meiningsfull arbeidskvardag der fagleg engasjement, gode relasjonar og omsorg står i sentrum? Då kan dette vere stillinga for deg!
Hafslo omsorgssenter ligg flott til i vakre omgjevnader, sentralt på Hafslo. Her får du jobbe saman med dyktige og engasjerte kollegaer som kvar dag arbeider for å skape tryggleik, meistring og gode opplevingar for menneska me yter tenester til.
Me søkjer no ein sjukepleiar, vernepleiar eller helsefagarbeidar i 80–100 % fast stilling som ynskjer å bidra med kompetansen sin og vere med på å vidareutvikle tenestene våre.
Hafslo omsorgssenter yter tenester til personar med demenssjukdom ved omsorgsplassar, til personar i omsorgsbustadar og til heimebuande gjennom heimetenesta. Me har òg eit dagsenter for personar med demenssjukdom.
Me ynskjer ein medarbeidar som trivst med variasjon og som kan arbeide fleksibelt på tvers av tenesteområda våre. Me har særleg fokus på personsentrert omsorg og miljøbehandling, der den enkelte sine behov, ressursar og livshistorie står i sentrum.
Hjå oss blir du ein del av eit fagleg sterkt og stabilt arbeidsmiljø med mykje erfaring og kompetanse. Me er opptekne av fagleg utvikling, kunnskapsdeling og å spele kvarandre gode.
80–100 % fast stilling frå snarast/etter avtale.
Turnus med arbeid kvar tredje helg. Det kan òg vere mogleg med langvakter kvar fjerde helg.
Ein variert arbeidskvardag med spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver.
Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer og høg fagkompetanse.
Gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving.
Ein arbeidsplass der samarbeid, omsorg og kvalitet står sentralt.
Som medarbeidar hjå oss vil du mellom anna:
Utføre heilskapleg pleie og omsorg med utgangspunkt i den enkelte sine behov og ressursar.
Utføre sjukepleiefaglege oppgåver som medikamenthandtering, lindrande behandling, sårstell med meir.
Bidra til å utarbeide, gjennomføre og evaluere tiltak og behandling.
Leggje til rette for aktivitet, meistring og gode opplevingar som fremjar livskvalitet.
Ha ansvar for dokumentasjon og journalføring, og bidra til god kommunikasjon med brukarar og pårørande.
Rettleie og følgje opp elevar, studentar og nytilsette.
Bidra aktivt til eit godt arbeidsmiljø og eit godt fagleg samarbeid.
Offentleg godkjenning som sjukepleiar, vernepleiar eller helsefagarbeidar.
Førarkort klasse B.
Erfaring eller kompetanse innan demensomsorg er ynskjeleg.
Du må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg.
Er fagleg engasjert og har interesse for eldreomsorg.
Møter menneske med respekt, omsorg og forståing.
Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
Kan arbeide sjølvstendig, tek initiativ og finn gode løysingar.
Er fleksibel og trivst med ein variert arbeidskvardag.
Bidreg positivt til arbeidsmiljøet og ynskjer å gjere ein forskjell for andre.
Hjå oss får du meir enn berre ein jobb. Du får bli ein del av eit arbeidsfellesskap med høg kvalitet, der me deler kunnskap og arbeider saman for å gje gode tenester.
Me kan tilby:
Arbeid i ein veldriven kommune med gode og trygge rammevilkår.
Eit inkluderande og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse.
Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.
Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar.
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Alle faste nytilsetjingar har ei prøvetid på seks månader.
I samsvar med offentleglova § 25, andre ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om du har bede om unntak frå offentleg søkjarliste. Dersom ønsket om unntak ikkje vert teke til følgje, vil du bli varsla før søkjarlista vert offentleggjord.
Søknad må sendast via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit innan søknadsfristen.
Velkomen som søkjar til Hafslo omsorgssenter!
Link til søknadsskjema:
Søk herAIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 197 jobber for sykepleiere i Vestland de siste 90 dagene.
680 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 615 000 og 740 000 kr.
Annonsen sier: lønn etter tariff.AI
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 81 andre ledige jobber for sykepleiere i Vestland nå, hos 67 arbeidsgivere. 15 av dem kom den siste uken.
Se alle ledige stillinger i Luster
Vil du vite når det kommer nye stillinger i Luster?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.De har ingen andre ledige stillinger hos oss nå, men de har lyst ut 3 stillinger siden juli 2026.
Org.nr 918474560
Tilbyr
- Omsorgsplassar for personar med demenssjukdom
- Dagsenter for personar med demenssjukdom
- Omsorgsbustader
- Tenester til heimebuande
Annonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer 181c1c2b-ef29-4c3b-8d66-7a6bcf88355e. Se den hos Nav
Frist
16 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen under Lagret.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Luster kommune Hafslo omsorgssenter.
Svanaug Dvergedal Torgersen
svanaug.dvergedal.torgersen@luster.kommune.no+47 482 99 818