Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen søker førstekonsulent/seniorkonsulent ved Holbergprisen i Bergen. Fast, deltid. Krav: bachelorgrad, 1-3 års erfaring. Søknadsfristen er 6. desember 2026.
Skrevet av Universitetet i Bergen
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgAVelkommen som søkjar til ei fast 30% stilling som førstekonsulent eller seniorkonsulent ved Holbergprisens sekretariat.
Holbergprisen er ein internasjonal forskingspris for framifrå forsking innan humaniora, samfunnsvitskap, juss og teologi. Forutan sjølve Holbergprisen, administrerer sekretariatet òg arbeidet med Nils Klim-prisen for yngre forskarar frå/i Norden og Holbergprisen i skolen. Holbergprisen vert administrert av Universitetet i Bergen på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet.
Vi søkjer ein person som har erfaring med planlegging og gjennomføring av arrangement, kommunikasjonsarbeid og formidling. Ein sentral del av arbeidet vil vere planlegging, promotering og gjennomføring av arrangement knytt til Holberguken og Holbergprisen i skolen sine aktivitetar, samt ulike administrative oppgåver. Den som blir tilsett i stillinga vil ha arbeidsstad på Fastings Minde på Høyden, sentralt i Bergen, og arbeide tett saman med kollegaer i Holbergprisen. Det er ønskjeleg med snarleg tilsetjing.
Stillinga inneber tidvis meirarbeid knytt til arrangement og arbeidsintensive periodar.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein får ved å ta kontakt med: Administrativ leiar for Holbergprisens sekretariat, Ingrid Ovidia Moe Telle, tlf. 415 14 781 / e-post ingrid.o.telle@uib.no, eller fagleg leiar Bjørn Enge Bertelsen, tlf. 411 03 883 / e-post bjorn.bertelsen@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
AIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 47 jobber for høyere saksbehandlere i offentlig og privat virksomhet i Vestland de siste 90 dagene.
745 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 650 000 og 855 000 kr.
Annonsen sier: fra 559 400 til 650 000 kr i året.AI
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 8 andre ledige jobber for høyere saksbehandlere i offentlig og privat virksomhet i Bergen nå, hos 8 arbeidsgivere. 4 av dem kom den siste uken.
Se alle ledige stillinger som førstekonsulent/seniorkonsulent ved holbergprisen i Bergen
Vil du vite når det kommer nye stillinger som førstekonsulent/seniorkonsulent ved holbergprisen i Bergen?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.De har 26 andre ledige stillinger hos oss nå, og de har lyst ut 76 stillinger siden juli 2026.
www.uib.no/om/84775/ledige-stillinger-ved-uibOrg.nr 974799154
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Universitetsdirektøren er øvste leiar av den administrative verksemd ved universitetet. Direktøren er tilsett på åremål av universitetsstyret, og er sekretær for styret. Universitetsdirektøren sitt kontor omfattar Sekretariat for universitetsledelsen og Holbergprisens sekretariat.
Annonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer 16174e43-a945-4427-ae11-2dfa08c810b2. Se den hos Nav · Se original annonse hos arbeidsgiver
Frist
15 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen under Lagret.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Universitetet i Bergen.