Me søkjer ein strukturert, serviceinnstilt og løysingsorientert medarbeidar til merkantile og administrative oppgåver.
Stillinga har ei sentral rolle i den daglege drifta og inneber varierte oppgåver innan administrasjon, koordinering og oppfølging.
Me ser etter deg som trivst når det skjer mykje, arbeider nøyaktig og sjølvstendig, og som held oversikt i ein travel kvardag. Du samarbeider godt med andre og bidreg til god service for både kollegaer og besøkjande.
Du vil mellom anna arbeide med:
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Link til søknadsskjema:
Søk herEtne kommune har ca 4 100 innbyggjarar, med gode levekår for både unge og eldre og full barnehagedekning. Kommunen har arbeidsplassar innanfor landbruk, mekanisk industri, varehandel, service og ulike tenesteytande næringar. Kulturtilbodet er godt og variert, med flotte tilhøve for sport og friluftsliv. Tenestemålet er nynorsk.
TIlgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/6ede7361-a3b4-49f6-8444-f107efd1a632