Etne omsorgssenter skal vere best på å bli betre, og gode leiarar som er tydelege rollemodellar er avgjerande for å lykkast.
Me ønskjer at medarbeidarane våre skal oppleve arbeidsglede og fagleg utvikling. Dette er grunnlaget for gode tenester, høg kvalitet og dei små, viktige augneblikka som skaper ein god kvardag for pasientane våre.
Som avdelingsleiar ved Etne omsorgssenter får du ei sentral rolle i utviklinga av tenestene våre. Du får ansvar for somatisk avdeling, med langtidsplassar, korttidsplassar og rehabilitering. Stillinga omfattar òg ansvar for drift av kjøkkenet.
Høyrest dette spennande ut? Då håpar me du sender inn søknaden din. Du blir ein viktig del av leiargruppa og får gode høve til å påverke utviklinga av omsorgstenestene i Etne kommune.
Om Etne omsorgssenter
Etne omsorgssenter tilbyr heildøgns omsorg og pleie til innbyggjarar med ulike behov. Me arbeider for at pasientane skal ha ein trygg, aktiv og meiningsfull kvardag, med tenester som er tilpassa den einskilde.
Me nyttar velferdsteknologi og jobbar kontinuerleg med utvikling og forbetring. Saman skaper me eit godt miljø for både bebuarar, pårørande og tilsette.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Link til søknadsskjema:
Søk herEtne kommune har ca 4 100 innbyggjarar, med gode levekår for både unge og eldre og full barnehagedekning. Kommunen har arbeidsplassar innanfor landbruk, mekanisk industri, varehandel, service og ulike tenesteytande næringar. Kulturtilbodet er godt og variert, med flotte tilhøve for sport og friluftsliv. Tenestemålet er nynorsk.
TIlgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/6ede7361-a3b4-49f6-8444-f107efd1a632