Vi ser etter ein medarbeidar som likar å arbeide med eit spekter av varierte kommunikasjonsoppgåver i ein stor organisasjon. Du er nysgjerrig på nye digitale løysingar og er opptatt av stadige forbetringar innan kommunikasjonsfeltet. Stillinga ligg til Avdeling for kommunikasjon ved Høgskulen på Vestlandet og er ei fast stilling i 100 %.
Arbeidsstad er campus Sogndal.
Kommunikasjonsrådgjevaren vil arbeide med eit breitt spekter av oppgåver i kommunikasjonsavdelinga, særleg innan forskingsformidling og internkommunikasjon. Du vil mellom anna produsere, publisere og vedlikehalde innhald i HVL sine nettsider og sosiale medium-kanalar, og gjennomføre ulike kommunikasjonstiltak i samarbeid med den øvrige organisasjonen.
Formell utdanning og kompetanse:
Ønskte kvalifikasjonar:
Personlege eigenskapar:
Stillinga som kommunikasjonsrådgjevar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - Rådgjevar.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB, må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master- eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV-en.
Arbeids- og opphaldsløyve i Noreg er ein føresetnad for å tiltre stillinga.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskrifta. Forskrifta kan bli nytta i behandlinga av søknadane.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av eventuelle justeringar i HVL si interne organisering.
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Avdeling for kommunikasjon har ansvar for å leggje til rette for at HVL blir ein synleg og attraktiv institusjon både regionalt, nasjonalt og internasjonalt, og sørgje for ein effektiv kommunikasjon internt og eksternt.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.