Høgskulen på Vestlandet
Høgskulen på Vestlandet søker AV-ingeniør i Bergen. Fast, heltid. Krav: bachelorgrad, 4+ års erfaring. Dagtid. Søknadsfristen er 6. desember 2026.
Skrevet av Høgskulen på Vestlandet
Brukarretta tenester (ITBT) sørger for at teknisk utstyr fungerer trygt og effektivt der det trengst – i undervisingsrom, auditorium, møterom, på reise og på kontoret. Eininga tilbyr støtte, rettleiing og praktisk tilrettelegging, og bidreg til gode brukaropplevingar i
heile organisasjonen. Hos oss får du ei sentral rolle i møte med brukarar, kollegaer og samarbeidspartnarar, og du blir del av eit fagmiljø som arbeider praktisk, løysingsorientert og tett på kjerneverksemda ved HVL.
Arbeidsstaden er campus Bergen.
Stillinga kan og bli tillagd andre arbeidsoppgåver innanfor ansvarsområdet til eininga.
funksjonane i stillinga. Slik realkompetanse, saman med bachelorgrad, kan kompensere for masterkravet.
For aktuelle stillingar gjennomfører HVL bakgrunnssjekk av søkjarar i samarbeid med ekstern leverandør for å verifisere opplysningar som går fram av tilgjengelege dokument. Bakgrunnssjekk skjer alltid med samtykke frå kandidaten, og tilsetjing i desse stillingane føreset gjennomført bakgrunnssjekk. Aktuelle søkjarar vil få nærare informasjon om dette.
Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1087 overingeniør eller i stillingskode 1181 senioringeniør
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.
AIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 19 jobber for andre sivilingeniører (unntatt elektroteknologi) i Vestland de siste 90 dagene.
935 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 790 000 og 1 120 000 kr.
Annonsen sier: lønn etter tariff.AI
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 5 andre ledige jobber for andre sivilingeniører (unntatt elektroteknologi) i Bergen nå, hos 3 arbeidsgivere. 2 av dem kom den siste uken.
Se alle ledige stillinger som av-ingeniør i Bergen
Vil du vite når det kommer nye stillinger som av-ingeniør i Bergen?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.De har 14 andre ledige stillinger hos oss nå, og de har lyst ut 50 stillinger siden juli 2026.
www.hvl.noOrg.nr 974652072
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 16 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Avdeling for Informasjonsteknologi og -tenester (ITT) er organisert i fellesadministrasjonen, og er nyleg reorganisert med fire einingar: Brukarretta tenester, System og infrastruktur, Informasjonsforvaltning og -sikkerheit og Digital tenesteutvikling.
Annonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer ee6f8f7e-f6d0-470c-951f-a4d5ec80b910. Se den hos Nav · Se original annonse hos arbeidsgiver
Frist
15 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen under Lagret.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Høgskulen på Vestlandet.
Vegard Anuglen
Einingsleiar
Vegard.Anuglen@hvl.no+47 906 02 181