Ved sengeposten Psykosebehandling SNR søkjer vi ein engasjert, fagleg trygg og sjølvstendig sjukepleiar, til ei 100 % nattstilling.
Som nattvakt hos oss vert du ein del av et godt fag- og arbeidsmiljø, som legg til rette for god behandling av pasientar med alvorleg psykisk liding.
Vi ønsker deg som vil vere ein pådrivar i behandlinga av pasientar med psykose og vil delta i utviklinga av eit framtidsretta behandlingstilbod.
Den nyoppretta sengeposten tilby spesialisert behandling til pasientar med psykoseproblematikk. Vi legg stor vekt på tverrfagleg samarbeid og fagleg utvikling.
Sengeposten Psykosebehandling SNR ligg i det nye psykiatri- og habiliteringsbygget på Hjelset, og er ein lukka sengepost med 11 sengeplassar. I sengeposten har vi ei bredt samansatt personalgruppe, som driv både med utgreiing av psykoseproblematikk og ulik behandling (medikamenter, samtaleterapi, fysisk aktivitet/trening, turgrupper og miljøterapeutisk tilnærming).
Arbeidsoppgåver
- Bidra til struktur og tryggleik i pasientane sin kvardag, gjennom målretta miljøterapeutisk arbeid
- Systematisk observasjon av psykisk tilstand, funksjon og endring, med dokumentasjon og fagleg rapportering
- Administrere og følge opp medikamentell behandling i tråd med gjeldande rutinar og forskrifter
- Vere ein del av psykiatri- og habiliteringsbyggets nattevaktsteam, med blant anna utrykning på fellesalarm
- Delta aktivt i dialog med andre tilsette (psykiater, lege, psykolog, sjukepleiar, helsefagarbeidar) via munnlege rapportar og journalføring for å videreføre viktig informasjon
- Vere med på å utvikle faglege rutinar og bidra til kontinuerleg kvalitetsforbetring
- Delta på fagdagar og anna opplæring
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Erfaring frå liknande klinisk arbeid er ønskjeleg
- Krav om god meistring av norsk munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B (personbil)
Personlege eigenskapar
- Du er fagleg sterk og engasjert i arbeidsmiljøet
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og trivst med tverrfagleg arbeid
- Du er trygg i møte med pasientar og har evne til å skape tillit
- Du er fysisk og psykisk eigna for stillinga
- Du er positiv til nye utfordringar, omstillingsdyktig i møte med endringar og evnar å sjå løysingar
- Du arbeider sjølvstendig
- Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Ei spennande og meiningsfull stilling i eit fagmiljø i utvikling
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Fagdag, MAP-kurs og fagtid på dag inkludert i turnus
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
Kontaktinformasjon
Ingunn Romundstad Innerdal, Seksjonsleder, ingunn.romundstad.innerdal@helse-mr.no
Arbeidsstad
Opdølvegen 4
6450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5203651430
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.11.2026