Voss herad Barne- og familietenestene
Voss herad Barne- og familietenestene søker kommunepsykolog i Voss. Fast, heltid. Krav: bachelorgrad eller mastergrad, 1-3 års erfaring, førerkort B. Søknadsfristen er 9. desember 2026.
Skrevet av Voss herad Barne- og familietenestene
Voss herad er i eit samarbeid mellom kommunane Ulvik, Eidfjord, Vaksdal og Voss. Samarbeidet siktar mot å levera robuste kommunepsykologtenester av høg kvalitet til deltakarkommunane. Me har eit sterkt fagleg miljø med totalt fem psykologar kor av tre har fullført spesialiseringa. Ein av våre psykologar har flytta og me søkjer difor etter hennar etterfølgjar.
Kommunepsykologane er samlokalisert med andre hjelpetenester i Voss sitt nye kontorbygg « Knutepunktet» og jobbar herfra ut mot alle deltakarkommunane.
Psykologtenesta skal arbeide heilskapeleg og tverrfagleg i og mellom deltakarkommunane med helsefremjande og førebyggande arbeid. Arbeidsoppgåvene kan grovt reknast i tre. 1) Innbyggjarane skal ha tilgang til behandling og undervisning både individuelt (korttidsbehandling) og i grupper. Vidare skal psykologane 2) bidra til å styrka det øvrige tenestetilbodet i kommunane gjennom rettleiing og undervisning. Sist, men ikkje minst, skal psykologane 3) arbeida system- og samfunnsretta gjennom evaluering, tenesteutvikling og kommunalt plan og utgreiingsarbeid. Sentralt i alt arbeidet står samarbeid med aktuelle kommunale tenester, samt andre tenester t.d. spesialisthelsetenesta.
Me vektlegg stor grad av autonomi samstundes som me ønskjer å løfta i lag. Med leitar difor etter ein lagspelar med høg motivasjon. Det er eit mål at me skal utvikla både vår eiga og deltakarkommunane si kompetanse og evne til å svara på morgondagens utfordringar. Me prioritera difor læring og utvikling høgt. Kommunepsykologane har delt kommunane mellom seg slik at kvar kommune har ein primærkontakt. Den som vert tilsett kan få primærkontaktansvar for ein kommune, men vil uansett måtte pårekna å dela arbeidstida si mellom samarbeidskommunane. Endringa er i stadig endring og du vil få stor moglegheit for å influera på din eigen arbeidskvardag.
Du vil få vera med å utforme arbeidsoppgåvene utfrå din kompetanse og interesseområde:
Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller sendast til: Voss herad, boks 145, 5701 Voss, merka med stillingsreferanse. Søknadspapira vert ikkje returnerte.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.
Søkjar som vert innstilt som nr 2 vil kunne få tilbod om vikariat.
Link til søknadsskjema:
Søk herAIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 32 jobber for psykologer i Vestland de siste 90 dagene.
790 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 705 000 og 975 000 kr.
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 9 andre ledige jobber for psykologer i Vestland nå, hos 9 arbeidsgivere. 2 av dem kom den siste uken.
Se alle ledige stillinger som psykolog i Vestland
Vil du vite når det kommer nye stillinger som psykolog i Voss?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.Vossingane er stolte, av seg sjølve, av bygda, av maten og kulturen. Vil du verta ein av oss, skal me ta godt vare på deg. Her får du lov til å lukkast. Me garanterer at du finn noko å driva med, også når du har fri. Treng du andre impulsar, er vegen kort til både Bergen og fjorden. No kan du verta ein del av laget, me treng deg.
Verdiane våre er:
Profesjonell
Påliteleg
Skapande
Inkluderande
Se hva Brønnøysundregistrene sier om Voss herad Barne- og familietenestene: om firmaet finnes, om det er konkurs og hvor lenge det har vært registrert.
Sjekk firmaetAnnonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer ebf37937-4858-456f-8686-8be25cf0c2e9. Se den hos Nav
Frist
13 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen i fanen Lagret på Stillinger.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker, og få CV og søknadsbrev skrevet for jobben.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Voss herad Barne- og familietenestene.
Kjetil Solvi Nordstrøm
kjetil.s.nordstrom@voss.herad.no+47 474 59 974