Bjørnafjorden kommune Skulane
Bjørnafjorden kommune Skulane søker tilkallingsvikar som fagarbeidar/assistent i Os. Annet, deltid. Krav: fagbrev eller bachelorgrad. Dagtid. Søknadsfristen er 20. desember 2026.
Skrevet av Bjørnafjorden kommune Skulane
Er du engasjert, vaksen og tydeleg og ønskjer å vere med å forme den gode skulen i Bjørnafjorden?
Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.
Satsingsområda våre er livsmeistring for alle, nærvær og fråvær, begynnaropplæring og LK20 (Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020).
Bjørnafjorden kommune har fjorten barneskular og tre ungdomsskular.
Vi ber deg oppgi om du er interessert i å jobbe ved alle skulane i Bjørnafjorden kommune, eller eventuelt på kva side av fjorden du vil jobbe.
Registrer CV-en din og fortel litt om deg sjølv. Skulen tar kontakt med deg når dei har behov for vikar.
Som tilkallingsvikar kan vi tilby arbeid/vakter ved fråvær pga av sjukdom, ferie eller andre mellombels høve som fører til behov for midlertidig arbeidskraft. Tilkallingsvikarar har ikkje rett til å bli tilbudt arbeid eller plikt til å påta seg tilbudt arbeid.
Arbeidsstad
Skulane i Bjørnafjorden kommune
Arbeidsoppgåver
Arbeid med barn i grunnskulen
Kvalifikasjonar
Fagbrev i barne og ungdomsarbeidarfaget, eller anna relevant utdanning.
Utanlandsk utdanning må vere godkjent av HK-dir:
Godkjenning av utdanning fra utlandet | HK-dir (hkdir.no)Er du ufaglært og har interesse for arbeid med barn og unge er du også velkomen til å søke, og di tidlegare arbeidserfaring vil bli vurdert i høve til relevans.
Søkarar må ha særs gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.
Eigenskapar
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar som at:
- du har eit positivt menneskesyn
- du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevne
- du er positiv og lærevillig
- du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Her kan du lese meir om pensjonsordninga i Storebrand:
Offentlig tjenestepensjon - et verdifullt gode - StorebrandEtter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med navn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følge vil søkaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
AIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 11 jobber for skoleassistenter i Vestland de siste 90 dagene.
475 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 410 000 og 520 000 kr.
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 6 andre ledige jobber for skoleassistenter i Vestland nå, hos 6 arbeidsgivere. 2 av dem kom den siste uken.
Se alle ledige stillinger som tilkallingsvikar som fagarbeidar/assistent i Vestland
Vil du vite når det kommer nye stillinger som tilkallingsvikar som fagarbeidar/assistent i Bjørnafjorden?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.De har én annen ledig stilling hos oss nå, og de har lyst ut 2 stillinger siden juli 2026.
Org.nr 994769766
Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
Annonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer ebd78145-dcdf-4aad-b693-6c6ba1babac0. Se den hos Nav
Frist
29 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen under Lagret.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Bjørnafjorden kommune Skulane.
Janne Martha Efteland Eik
Skulesjef
JMEE@bjornafjorden.kommune.no+47 934 05 978