Sunnfjord Bu- og avlastingsteneste er ei døgnbemanna eining som yt avlasting til føresette med særs krevjande omsorgsoppgåver. Vi søker deg som vil vere med på å gjere ein forskjell i barn og unge sine liv.
1 x 100 % fast stilling som autorisert sjukepleiar/vernepleiar
1 x 100 % vikariat som autorisert sjukepleiar/vernepleiar
1 x 100 % vikariat som autorisert sjukepleiar/vernepleiar frå 01.12.2026
Delar av den faste stillinga og vikariatet frå 01.12.26 er i heim på natt og dag.
Bu- og avlastingstenesta yter tenester til føresette med særskilt tyngande omsorgsoppgåver for barn 0-18 år. Vi som jobbar her er assistentar, helsefagarbeidarar, barne- og ungdomsarbeidarar, lærarar, pedagogar, sosionomar, vernepleiarar og sjukepleiarar. Vi held til i eit nytt tilrettelagt og praktisk bygg i sentrum av Førde og har meir enn 40 barn innom til ulike tider. Nokon bur fast i eigne leilegheiter, men dei fleste bur heime. Alle skal ha ein trygg og god oppfølging av oss når dei er her. Dei treng hjelp, rettleiing og trygge tolmodige tilsette som er støttande og ivaretakande. Vi følger barna til aktivitetar som bading, i trampolineparken, klatrehallen, Hafstadparken, skibakken og elles finn vi på rolege aktivitetar inne eller ute på avlastinga
Vi ser etter deg med eit stort hjarte som ynskjer å nytte din fagkompetanse til å gjere ein skilnad. Vi legg opp dagane i samråd med føresette, barn, unge og samarbeidspartar etter barna sine ynskjer, interesser og behov.
Her får du vere med på alt frå klatring, sykling, bading, ski, trampolinepark og fotball, til rolege aktivitetar som brettspel, teikning og kos inne - alltid med fokus på meistring, tryggleik og glede – ein har i stor grad mogelegheit til å legge opp arbeidsdagen sin sjølv. Du vil jobbe tett med føresette, skule, barnehage, spesialisthelsetenesta og andre som yt tenester til barn og unge for å sikre eit heilskapleg tilbod.
Ein jobbar i tredelt turnus med arbeid tredje kvar helg.
Gyldig politiattest må leverast før oppstart i stilling.
Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Link til søknadsskjema:
Søk herSunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.