Kronstad DPS seksjon psykose døgn har ledig 50 % fast stilling på natt med arbeid pt. kvar 3. helg.
Kronstad psykose døgnbehandling er ein open døgnseksjon. Vi tilbyr behandling og utgreiing av kortare varigheit for pasientar over 18 år med psykoseliding. Avdelinga tilbyr tverrfagleg behandling som blir individuelt tilpassa den einskilde pasient. Det er 12 sengeplassar. I behandlargruppa har vi psykiatrar, psykologspesialist, legar i spesialisering og sosionom.
Vi tilbyr mellom anna:
Som tilsett på natt går du saman med ein annan fagperson. Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø beståande av engasjerte og erfarne miljøterapeutar som trivast på natt. Vi arbeider i team rundt og saman med pasienten, med utgangspunkt i samarbeid i ein seksjon med åpne dører. Er du sjukepleiar eller vernepleiar, trivast med nattarbeid og har engasjement for pasientgruppa håper vi at du vil søker stilling her hos oss.
Helse Bergen ønsker som hovudregel å tilby fulle stillingar. Dersom du ønsker full stilling, kan du få dette ved delt stilling ved Bemanningssenteret i føretaket. Tilsette ved Bemanningssenteret arbeider ved ulike einingar på sjukehuset, noko som gir deg breiddeerfaring frå fleire fagfelt. Stillinga i Bemanningssenteret blir tilpassa arbeidsplanen ved avdelinga og ein vil kunne få dag/kveldsvakter om ønskeleg.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Hilde Steinli, Spesialsjukepleiar, +47 55956300
Fjøsangerveien 36
5053 Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5150586548
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 20.07.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.