Kom til oss - Medisin 5 vest har ledig ein 80 % fast stilling som sjukepleiar på natt, og vi ønsker nettopp deg som vår nye kollega.
Medisin 5 vest er ein infeksjonsmedisinsk sengepost ved Haukeland universitetssjukehus. Vi har 14 sengeplassar og jobbar etter prinsippet om gruppesjukepleie. Vi søker ein lojal og positiv sjukepleiarkollega som trivst på natt. Vi ønsker å tilby 80 % fast stilling på natt ved at hovuddel av stillinga er ved medisin 5 vest, og ein del nyttast på tvers av dei andre seksjonane i medisinsk klinikk til hospitering, opplæring og arbeid. (Andre stillingsprosentar kan vurderast om ønskeleg). Vi behandlar ulike infeksjonssjukdommar som pneumoni, sepsis, gastroenteritt, tuberkulose, endokarditt og andre generelle infeksjonssjukdommar.
Vi søker ein ny kollega til det flotte teamet vårt.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Hege Cecilie Sørby, Seksjonsleiar, +47 55 97 37 03
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5150736493
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 02.08.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.