Brenn du for maskinteknikk? Som maskinsjef på MF Davik får du ei nøkkelrolle i å sikre effektiv og påliteleg drift på sambandet Askvoll-Gjervik-Fure.
Her får du lange friperiodar til familie og fritid. I arbeidsperioden går du døgnskift i ein ordning med 2 veker på, 1 veker av, deretter 2 veker på 3 veker av. Her får du ein fagleg utfordrande men meiningsfylt jobb. Fjord1 er eit framtidsretta selskap med fokus på miljø, teknologi, konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar. Det er fordelaktiv om du er maskinsjef, men tilsetting av maskinpassar kan også vere aktuelt.
Fjord1 har hybelleilegheit i Askvoll som kan disponerast mellom vakter. Reise første og siste dag kvar skiftperiode vert delvis dekka.
Kvifor bør du søke?
Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid.
Sigrunn Hellebust, Rekrutteringsmedarbeidar, Sigrunn.Hellebust@fjord1.no
6980 Askvoll
Arbeidsgivar: Fjord1 AS
Referansenr.: 5159842483
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.08.2026
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.