Spjelkavik omsorgssenter, Ålesund kommune
Spjelkavik omsorgssenter, Ålesund kommune søker sjukepleiar, 100 % fast stilling ved avd. Lillegjerdet i Ålesund. Fast, heltid. Krav: bachelorgrad, 1-3 års erfaring. Turnus. Søknadsfristen er 29. november 2026.
Skrevet av Spjelkavik omsorgssenter, Ålesund kommune
Vil du bli vår nye sjukepleiar på Lillegjerdet?
Vil du ha ein meiningsfull jobb der du får bruke fagkompetansen din, bli kjend med bebuarane og bidra til gode dagar? Hos oss får du faglege utfordringar, gode kollegaer og ein turnus med samanhengande friperiodar.
Vi søkjer ein sjukepleiar til 100 % fast stilling ved avdeling Lillegjerdet på Spjelkavik omsorgssenter. Ein av våre dyktige sjukepleiarar går snart av med pensjon, og no håpar vi at du vil bli vår nye kollega!
Om avdelinga
Lillegjerdet er ei langtidsavdeling med ni bebuarar. Du får ei viktig rolle i å sikre heilskapleg pleie og omsorg, gjere sjukepleiefaglege vurderingar og bidra til ein trygg og god kvardag for kvar enkelt.
Du blir ein del av eit godt arbeidsmiljø der vi samarbeider, deler kompetanse og støttar kvarandre i kvardagen.
Ein turnus med rom for fritid
Hos oss får du:
100 % fast stilling
Langvakter på inntil 13,5 timar
Arbeid kvar fjerde helg
Turnus over 52 veker med samla friperiodar
Spjelkavik omsorgssenter har 55 sjukeheimsplassar fordelte på sju avdelingar, og du blir ein del av eit større fagmiljø med eit felles mål om å gi bebuarane gode og trygge tenester.
Stillinga er ledig frå 1. februar 2027, eller etter avtale.
Har du lyst til å gjere ein forskjell – og samtidig få ein turnus med rom for livet utanfor jobb? Vi håpar å høyre frå deg!
Parkering, og offentlig transport i nærheten…
Arnold Saberon, Avdelingsleiar, 484 02 692, arnold.borres.saberon@alesund.kommune.no
Olav Sundes veg 2
6018 Ålesund
Arbeidsgivar: Ålesund kommune
Referansenr.: 5199712002
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.11.2026
AIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 144 jobber for sykepleiere i Møre og Romsdal de siste 90 dagene.
680 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 615 000 og 740 000 kr.
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 18 andre ledige jobber for sykepleiere i Ålesund nå, hos 13 arbeidsgivere. 4 av dem kom den siste uken.
Se alle ledige stillinger som sjukepleiar, 100 % fast stilling ved avd. lillegjerdet i Ålesund
Vil du vite når det kommer nye stillinger som sjukepleiar, 100 % fast stilling ved avd. lillegjerdet i Ålesund?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.Ålesund kommune er den største kommunen i Møre og Romsdal og den største byen mellom Bergen og Trondheim med ca. 60 000 innbyggere
Det lokale næringslivet er både lokalt, nasjonalt og ikkje minst internasjonalt orientert. Ålesund er «bygd» på fiske og fangst. Framleis er Ålesundregionen er verdsleiande på det marine og maritime området. Fleire av landets største fiskebedrifter og oppdrettsselskap held til i kommunen vår. Ålesund har Noregs største cruisehamn, største fiskerihamn og nest største containerhamn. Vi er og Noregs største eksporthamn på fiskeriprodukter.
Kommunen er det største kollektivknutepunktet i fylket, og tal frå 2016 viser at det årleg er rundt to millionar passasjerer som går av eller på ein buss eller båt i Ålesund.
Ålesund by er viden kjend for sin vakre jugendstil. Tårn, spir og vakre utsmykkingar møter deg som går gatelangs der.
Byen ligg som ein døropnar til fjordsystemet på Sunnmøre og strekk seg heilt nord til Ona utanfor Romsdalskysten. Andre attraksjonar i kommunen er Ona fyr og fantastiske fjell, fjordar og natur rett utanfor stovedøra.
Vi er ein universitetskommune og har eit nært samarbeid med NTNU på Campus Ålesund. På Campus Ålesund finn du òg Ålesund framtidslab - U4SSC ip.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
Annonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer e047d2f5-0030-4aef-a7d3-467354a95e7f. Se den hos Nav
Frist
8 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen under Lagret.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Spjelkavik omsorgssenter, Ålesund kommune.
Arnold Saberon
Avdelingsleiar
arnold.borres.saberon@alesund.kommune.no+47 484 02 692