Brønnøysundregistera
Brønnøysundregistera søker gruppeleiar i Brønnøysund. Engasjement, heltid. Krav: bachelorgrad eller mastergrad, 1-3 års erfaring. Søknadsfristen er 30. november 2026.
Skrevet av Brønnøysundregistera
Seksjon registerdrift har ansvar for saksbehandling og kontroll og brukarrettleiing for dei 17 registera Brønnøysundregistera forvaltar. Seksjonen består av om lag 160 medarbeidarar.
Nå søker vi ein tydeleg, profesjonell og utviklingsorientert gruppeleiar som trivst med å leie menneske og skape resultat saman med andre. Vi ser etter deg som ønsker å bidra til at medarbeidarane opplever tillit, ansvar og handlingsrom, samtidig som du sikrar god struktur, tydelege prioriteringar og framdrift.
Registerdrift er i kontinuerleg utvikling. Derfor ønsker vi også ein leiar som er nysgjerrig på nye arbeidsformer og moglegheitene som ligg i kunstig intelligens og annan teknologi, og som blir motivert av å utvikle både medarbeidarar og måten vi løyser oppgåvene våre på.
Stillinga er eit midlertidig engasjement i to år.
Som gruppeleiar vil du blant anna:
Du må ha:
Det er ein fordel om du har:
Vi ser etter deg som:
Personleg dugleik vil bli tillagd vekt.
Vi har eit rekrutteringssamarbeid med Brønnøy kommune og Digitaliseringsdirektoratet. Har du ein partnar som har behov for jobb i Brønnøysund, kan vi formidle kontakt med dei.
Vi ønsker å vere ein inkluderande arbeidsplass, der vi speglar mangfaldet i befolkninga. Vi treng medarbeidarar med ulik erfaring, bakgrunn, kompetanse og kvalifikasjonar for å løyse samfunnsoppdraget vårt.
Har du hol i CV-en, nedsett funksjonsevne eller innvandrarbakgrunn oppfordrar vi deg til å krysse av for det når du søker stilling hos oss. Vi kallar inn minst ein kvalifisert søkar frå kvar av desse gruppene til intervju. Vi legg til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Brønnøysund er ein triveleg liten kystby sør på Helgeland. Vi har korte avstandar til det meste og masse vêr – uansett årstid! Er du glad i naturopplevingar har vi eit utal moglegheiter. Moglegheitene er mange også for deg som heller føretrekk ein tur på kafe eller restaurant, er opptatt av kultur eller ulike treningsmoglegheiter innandørs.
Har du studielån og bur i Brønnøy kommune kan du få nedskrive lånet kvart år til det er nedbetalt. Les meir om ny ordning for nedskriving av studielån på regjeringen.no
Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste. Ønsker du å bli unntatt frå den offentlege søkarlista, må du grunngi kvifor. Vi tar kontakt med deg dersom vi ikkje tar ønsket ditt til følgje, og du får moglegheit til å trekke søknaden din.
For å bli vurdert som søkar, må du legge ved relevante attestar og vitnemål. Vitnemål frå utdanning tatt i Noreg lastar du opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT.
AIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 30 jobber for andre ledere av produksjon og tjenesteyting i Nordland de siste 90 dagene.
1 035 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 865 000 og 1 300 000 kr.
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 13 andre ledige jobber for andre ledere av produksjon og tjenesteyting i Nordland nå, hos 13 arbeidsgivere. 2 av dem kom den siste uken.
Se alle ledige stillinger som gruppeleiar i Nordland
Vil du vite når det kommer nye stillinger som gruppeleiar i Brønnøy?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.De har én annen ledig stilling hos oss nå, og de har lyst ut 2 stillinger siden juli 2026.
www.brreg.noOrg.nr 974706121
Vi satsar først og fremst på folk, og det har gjort oss til etaten med best omdømme i Noreg. Hos oss får du utvikle deg fagleg samtidig som du har god balanse mellom jobb og fritid. Vi veit at dei beste løysingane blir skapte av menneske som trivst både på og utanfor jobb.
Bli med på laget som gjer det enklare å drive verksemd i Noreg, og som leverer dataa som held samfunnet i gang. Nå kan du bli ein av våre 470 kollegaer på Noregs vakraste arbeidsplass.
Annonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer dabcc1e6-e054-4940-964d-fef2b5f7c641. Se den hos Nav · Se original annonse hos arbeidsgiver
Frist
9 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen under Lagret.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Brønnøysundregistera.
Karianne O. Warholm
seksjonsleder
kov@brreg.no+47 976 65 429