Møre og Romsdal Politidistrikt
Møre og Romsdal Politidistrikt søker operativ etterforskar i Ålesund. Fast, heltid. Krav: bachelorgrad, 1-3 års erfaring. Søknadsfristen er 10. desember 2026.
Skrevet av Møre og Romsdal Politidistrikt
Dei siste åra har vi styrka arbeidet innan nedkjemping av kriminelle nettverk og organisert- og økonomisk kriminalitet i Møre og Romsdal. Vil du vere med og bidra inn i dette viktige og spennande arbeidet, så er tida for å søkje nettopp no!
Vi har ledig stilling som etterforskar ved spesiell etterforskning og særskilte metoder (SESM) ved Felles eining for etterforsking, førebygging og etterretning (FEFE) i Ålesund. Primæroppgåvene er etterforsking av straffesaker, men stillingane skal også bidra med informasjonsinnhenting knytt til etterretning og førebygging innanfor fagområda.
Vi treng motiverte og engasjerte medarbeidarar til å ta del i etterforskingar som avsnittet har ansvar for. I stillinga vil du få setje deg inn i skjulte etterforskingsmetodar i tillegg til å bruke tradisjonelle etterforskingsskritt i eit miljø med dedikerte medarbeidarar med ulike komptanseområde.
SESM har som sine oppgåver å bekjempe organisert kriminalitet. Arbeidspresset er i periodar høgt og ein arbeider med krevjande og komplekse straffesaker. Du vil jobbe mykje prosjektbasert og bidra inn i alle fasar av etterforskinga, førebyggjande og etterretning. Noko av arbeidstida vil gå til å drive intern opplæring hos andre medarbeidarar i politidistriktet.
Vi ser etter deg som er interessert i teknologi og dedikert innan etterforskingsfeltet. Du har også høg arbeidskapasitet, likar å handtere/analysere store datamengder, er tilpasningsdyktig, nysgjerrig og ikkje minst tolmodig. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, at ein er sjølvgåande, haldninger til arbeidet og etisk integritet.
Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.
I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande arbeidsmiljø prega av mestring og utvikling.
Vi oppmodar kvinner til å søkje på stillinga.
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
Det er også ønskjeleg med
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video:
https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcDu søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
AIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 97 jobber for salgs- og markedssjefer i hele landet de siste 90 dagene.
1 075 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 880 000 og 1 350 000 kr.
Annonsen sier: fra 560 000 til 730 000 kr i året. Det er i den laveste fjerdedelen for yrket.AI
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 3 andre ledige jobber for salgs- og markedssjefer i Møre og Romsdal nå, hos 3 arbeidsgivere.
Se alle ledige stillinger som operativ salgssjef i Møre og Romsdal
Vil du vite når det kommer nye stillinger som operativ salgssjef i Ålesund?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.De har 7 andre ledige stillinger hos oss nå, og de har lyst ut 25 stillinger siden juli 2026.
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 272 500 menneske.
Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.
Politidistriktet har om lag 650 tilsette og vert leia av politimeister Elin Drønnen med hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar: Felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR og HMS.
Se hva Brønnøysundregistrene sier om Møre og Romsdal Politidistrikt: om firmaet finnes, om det er konkurs og hvor lenge det har vært registrert.
Sjekk firmaetAnnonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer da022be6-6b54-42c0-86d2-91c3c9507a66. Se den hos Nav · Se original annonse hos arbeidsgiver
Frist
14 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen i fanen Lagret på Stillinger.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker, og få CV og søknadsbrev skrevet for jobben.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Møre og Romsdal Politidistrikt.
Alf Christian Aarseth Grøtteland
Avsnittsleiar
+47 913 44 224