Vindafjord kommune Institusjonsdrift
Vindafjord kommune Institusjonsdrift søker sjukepleiar korttid/rehabilitering i Ølen. Fast, heltid. Turnus. Søknadsfristen er 25. november 2026.
Dette er tolket fra annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder.
Me søkjer to sjukepleiarar i faste stillingar på 80–100 % ved korttids- og rehabiliteringsavdelinga på Ølen omsorgssenter.
Hos oss får du varierte og meiningsfulle arbeidsdagar i ei kollegagruppe som spelar kvarandre gode. Du blir ein del av eit lag med sjukepleiarar, teamsjukepleiar, helsefagarbeidarar, assistentar og servicemedarbeidar. Du får òg gode kollegaer på somatisk langtidsavdeling og leiarar som ønskjer å høyra innspela dine.
Som sjukepleiar hos oss får du bruka både den faglege kompetansen og evna di til å sjå menneska du møter. Du må òg rekna med å bidra på somatisk langtidsavdeling ved behov.
Ølen omsorgssenter har ei somatisk langtidsavdeling med 15 plassar og ei korttids- og rehabiliteringsavdeling med 13 plassar. Me driv òg natteneste på institusjon og nattpatrulje. Kvar avdeling har sin eigen avdelingsleiar, som du har tett kontakt med.
På huset finn du heimeteneste, dagsenter for eldre, fysioterapi- og ergoterapiteneste og vaksinekontor. Me har tilsynslege to gonger i veka og eit eige produksjonskjøkken som lagar mat til bebuarane våre og heimebuande i Vindafjord kommune.
Kvar avdeling har ein servicemedarbeidar som tek seg av praktiske oppgåver i løpet av dagen. Det gir helsepersonellet betre høve til å konsentrera seg om dei faglege oppgåvene. Konsulentfunksjonar hjelper òg til med mellom anna innleige og innkjøp.
Me nyttar pasientvarslingssystem, mellom anna RoomMate, og IKOS-tavler i det daglege arbeidet.
På korttids- og rehabiliteringsavdelinga arbeider me tett saman for å gi kvar pasient oppfølging tilpassa sine behov. Me samarbeider med terapiavdelinga, kreftkoordinator, heimetenesta og tenestekontoret for å skapa gode og samanhengande tenester.
Avdelinga har Vindafjord kommune si lindrande seng, og me har stort fokus på palliasjon. Me tek òg imot pasientar på vekselopphald.
Kartlegging er ein viktig del av arbeidet vårt. Me nyttar mellom anna CFS, MNA, ESAS og IPLOS for å vurdera behov og planleggja oppfølging. Samstundes legg me vekt på spørsmålet «Kva er viktig for deg?», slik at pasienten sine eigne ønskje og mål får ein sentral plass.
Hos oss får du bidra til gode tenester og ein trygg kvardag for pasientar og bebuarar. Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna:
Me ser etter deg som ønskjer å yta gode tenester i eldreomsorga og trivst med å møta menneske med varierte og samansette hjelpebehov. Du er fagleg interessert, løysingsorientert og ser etter moglegheiter for forbetring.
Du arbeider sjølvstendig, systematisk og målretta, også når arbeidsdagen er hektisk. Samstundes er du fleksibel og ser verdien av å samarbeida på tvers av avdelingane. Du bidreg til eit arbeidsmiljø der kollegaer blir høyrde og respekterte.
Personlege eigenskapar blir vektlagde.
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Det fordrar at du kan arbeide på tvers av avdelingane ved behov.
Hjå oss vil me ha det høgt under taket med kort veg til engasjerte leiarar for dine idear. Du kan og sjekke vår Facebookside til å bli litt betre kjent med oss.
Me ønskjer at våre medarbeidarar skal ha muligheit for utvikling innan fag og interesse, at dei skal ha eit arbeid som motiverar og engasjerar.
Ikkje nøl med å ta kontakt om du har spørsmål. Me er i utvikling og ynskjer å høyre frå deg som vil gjere ein forskjell i eldreomsorga.
Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema:
Søk herSøknadsfristen er 25. november 2026.
Jobben er i Ølen.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Vindafjord kommune Institusjonsdrift.
Vindafjord kommune ligg sentralt på Indre Haugalandet og grensar til Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Med sine ni bygder og over 9000 innbyggjarar, er kommunen ein levande og mangfaldig stad. Kommunesenteret Ølen ligg om lag fem mil frå Haugesund.
Vindafjord er ein stor landbrukskommune med eit dynamisk og variert næringsliv. Kommunen har høge ambisjonar om å vera eit naturleg sentrum for Indre Haugalandet. Med si strategiske plassering og ei lang kystlinje mot både Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget, byr Vindafjord på mange moglegheiter for friluftsliv. Frå turstiar i skog og fjell til aktivitetar langs kysten – her finn ein noko for alle.
Som innbyggar i Vindafjord kommune får du fleire fordelar som gjer kvardagen litt enklare. Til dømes kan du få sletta inntil 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år, heilt fram til lånet er nedbetalt. Me tilbyr òg rimelege barnehageplassar, sånn at både småbarnsfamiliar og nyetablerte kan trivast og kjenna seg trygge her hos oss.
Frist · 21 dager til frist
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Annelin Bauge (Einingsleiar)
annelin.bauge@vindafjord.kommune.no+47 976 57 778+47 536 55 904Dette er tolket fra annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder.
Lagre søket, så sier vi fra på e-post når det kommer nye stillinger.