Forskings- og utviklingsavdelinga (FoU), Helse Bergen HF
Forskings- og utviklingsavdelinga (FoU), Helse Bergen HF søker medarbeidar i preste- og samtaletenesta i Bergen. Fast, heltid. Krav: mastergrad, 1-3 års erfaring. Turnus. Søknadsfristen er 3. januar 2027.
Skrevet av Forskings- og utviklingsavdelinga (FoU), Helse Bergen HF
Helse Bergen behandlar pasientar innan somatikk, psykisk helsevern og rus- og avhengigheitsmedisin, og Preste- og samtaletenesta bidreg i alle desse fagområda.
Vi møter pasientar, pårørande og medarbeidarar som står i kriser og krevjande livssituasjonar, uavhengig av livssyn. Tenesta har døgnberedskap og er tilgjengeleg når det trengst. Vi bidreg med individuelle samtalar eller gruppesamtalar, utfører kyrkjelege handlingar og formidlar kontakt med representantar frå trus- og livssynssamfunn når det blir etterspurt.
Tillit hos menneska vi møter og i sjukehuset er grunnlaget for arbeidet. Arbeidet krev stor grad av sjølvstende, fleksibilitet og evne til å tilpasse seg kvar enkelt situasjon. Samstundes er vi eit team der alle må ha evne og vilje til å dele faglege og personlege refleksjonar. Som medarbeidar i Preste- og samtaletenesta får du eit meiningsfylt og engasjerande arbeid med mange erfaringar å lære av og gode moglegheiter for personleg og fagleg vekst.
Preste- og samtaletenesta er organisert som ei faggruppe i Seksjon for pasienttryggleik i Forskings- og utviklingsavdelinga, der seksjonsleiar varetek personal- og økonomiansvar.
Preste- og samtaletenesta si hovudoppgåve i sjukehuset er å støtte pasientar, pårørande og tilsette i krevjande livssituasjonar. Som medarbeidar i tenesta skal du:
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar og på korleis teamet er samansett.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Ingrid Smith, Seksjonsleiar, 92802540, ingrid.smith@helse-bergen.no
Patrick Wohlgemuth, Sjukehusprest, 95219859, patrick.Wohlgemuth@helse-bergen.no
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5211594174
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.01.2027
AIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 76 jobber for geistlige yrker i hele landet de siste 90 dagene.
810 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 710 000 og 895 000 kr.
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er én annen ledig jobb for geistlige yrker i Bergen nå.
Se alle ledige stillinger som teolog i Bergen
Vil du vite når det kommer nye stillinger som teolog i Bergen?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.De har 2 andre ledige stillinger hos oss nå, og de har lyst ut 3 stillinger siden juli 2026.
www.helse-bergen.noOrg.nr 974557746
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Se hva Brønnøysundregistrene sier om Forskings- og utviklingsavdelinga (FoU), Helse Bergen HF: om firmaet finnes, om det er konkurs og hvor lenge det har vært registrert.
Sjekk firmaetAnnonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer d3ecda66-f984-488a-99b0-d54ce92753d0. Se den hos Nav
Frist
37 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen i fanen Lagret på Stillinger.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker, og få CV og søknadsbrev skrevet for jobben.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Forskings- og utviklingsavdelinga (FoU), Helse Bergen HF.
Ingrid Smith
Seksjonsleiar
ingrid.smith@helse-bergen.no+47 928 02 540