Vi i Helse Førde ser etter ein engasjert og lærevillig kollega til eit vikariat som konsulent i HR - løn og personell i perioden 15.08.2026- 31.12.2027.
Hos oss får du moglegheit til å jobbe i eit fagmiljø som er både utviklande og meiningsfullt – midt i hjartet av helsevesenet!
Om stillinga
Løn og personell er ein av fire seksjonar i HR-avdelinga i Helse Førde, og består i dag av 11 tilsette. Vi har eit nært samarbeid med dei andre seksjonane i HR, samt med dei andre føretaka i Helse Vest.
Vår hovudoppgåve er å sørge for at alle tilsette i Helse Førde får rett lønn til rett tid. I tillegg har vi systemansvar og brukarstøtte for m.a EveryOne (kontraktshandtering) og Webcruiter (rekruttering).
Arbeidet skjer i nært samarbeid med leiarar og stabsfunksjonar på tvers av avdelingar og klinikkar. Vi held opplæring i ulike HR-system og gir støtte i løns- og personalspørsmål.
Er du nyutdanna innan økonomi eller personal?
Då vil vi gjerne høyre frå deg! Du vil få grundig opplæring og god støtte frå første dag.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Bodil Ness Bauge, Seksjonsleiar, (+47) 578 39 024
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5149294888
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 26.07.2026
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.