Fjord1 AS
Fjord1 AS søker teknisk inspektør i Florø. Fast, heltid. Krav: bachelorgrad, 1-3 års erfaring. Søknadsfristen er 27. november 2026.
Skrevet av Fjord1 AS
Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan grønt skifte og teknologi, og vi står i front med ein fartøysportefølje som er blant dei mest teknisk avanserte i verda. Vårt fokus er å vere best på miljøvennleg og påliteleg ferje- og hurtigbåttransport, og som teknisk inspektør får du ei viktig rolle i selskapet.
I denne stillinga vil du få ansvar for tre hybride ferjer, bygd om fra diesel til elektro, i tillegg til eit reservefartøy. Du vert ansvarleg for at fartøy og tilhøyrande ladeanlegg til ei kvar tid er teknisk operative. Du vil vere eit viktig bindeledd mellom landorganisasjonen og drift. Som teknisk inspektør bistår du fartøya ved eventuelle tekniske utfordringar, styrer budsjett for fartøya og du er med å både planlegge og gjennomføre verkstadopphald. Har du interesse for motor, batteriteknologi og ladesystem, og korleis desse systemene fungerer samman, då er dette ein spanande jobb for deg.
Her treng du ikkje superkrefter, men du må ha god teknisk kompetanse og like å vere ute i feltet der det skjer. Du må kunne handtere komplekse problemstillingar, og du har høg gjennomføringsevne. Du likar å jobbe sjølvstendig, og skapar gode relasjonar til kollegaer.
I Fjord1 inngår du i eit sterkt fagleg nettverk, med kollegaer lokalisert på våre kontor i Florø, Bergen og Molde. Vi treng å styrke vårt team i Florø, då ein kollega har fått nye utfordringar internt i organisasjonen. For rette kandidat kan også kontorlokalitet Molde vurderast.
Har du interesse for gode løysingar, og ynskjer å påverke drift og vedlikehald av ferjer i nokre av våre viktige samband langs norskekysten? Då er du den vi leitar etter!
Du vert ansvarleg for eiga fartøyportefølje, der oppfølging og kvalitetssikring er sentralt for å sikre at fartøya er teknisk operative til ei kvar tid.
Vi ser etter ein teknisk dyktig og sjølvstendig person som har eit sterkt engasjement for kvalitet og driftssikkerheit. Du har evne til å handtere utfordringar og finne løysingar på komplekse problem. Du trivst i ei sjølvstendig rolle, men veit også at samarbeid er nøkkelen til suksess. Som teknisk inspektør hos oss tar du ansvar for viktige tekniske oppgåver, og vi ønskjer ein person som er proaktiv og har høg gjennomføringsevne.
For å lykkast i rolla ser vi for oss at du har:
Som teknisk inspektør hos Fjord1 får du moglegheita til å vere med på å forme framtida for eit av dei mest spennande og innovative selskapa innan grønn maritim transport. Du får jobbe med tekniske utfordringar på verdsleiande fartøy og tett med eit sterkt team av fagfolk. Vi tilbyr ei sjølvstendig stilling med stort ansvar, der du får ta eigne beslutningar og vere med på å sikre høg teknisk standard på våre fartøy. Hos oss får du gode moglegheiter for fagleg utvikling og vekst, og du blir ein del av eit arbeidsteam med høgt fokus på trivsel og samarbeid. Vi legg stor vekt på fleksibilitet, og hos oss får du mulighet til å påverke både arbeidsmetodar og tekniske løysingar.
Teamet i Florø er klar til å ta imot deg! Saman med resten av gjengen i Fjord1 leverer vi tenester for samfunnskritisk infrastruktur med stoltheit. Når vi krydrar dette med gode velferdstilbod, forsikringar og blandt dei beste pensjonsordningane i marknaden, så håpar vi du blir nysgjerrig på oss!
Søk no, og bli ein viktig del av Fjord1!
Leif Arne Hundeide, Teamleiar teknisk, 46811320, leif.arne.hundeide@fjord1.no
Geir Hillersøy, Leiar teknisk driftseining, 90010855
Nina Eren Hovland Liseth, HR rådgjevar, +47 95152023
Strandavegen 15
6905 Florø
Arbeidsgivar: Fjord1 AS
Referansenr.: 5201232678
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.11.2026
AIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 21 jobber for sivilingeniører (maskin- og marin-teknikk) i hele landet de siste 90 dagene.
1 050 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 865 000 og 1 270 000 kr.
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er én annen ledig jobb for sivilingeniører (maskin- og marin-teknikk) i Vestland nå.
Se alle ledige stillinger som teknisk inspektør i Vestland
Vil du vite når det kommer nye stillinger som teknisk inspektør i Kinn?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.Ute på kysten og inne i fjordane skjer det noko kvar dag. Folk skal fram. Varer skal fram. Samfunn skal fungere. Vi i Fjord1 er ein stolt del av dette. Kvar dag sørger vi for trygge, stabile og stadig meir berekraftige samband – mellom menneske og stader, mellom by og land. Vi kan ferje. Hurtigbåt. Reiseliv. Og ja – vi kan kiosk og svele òg!
Hos oss blir du ein del av eit stort og dyktig fagmiljø der ansvar, samarbeid og stoltheit står sterkt, enten du jobbar på sjøen, i byggjetilsyn, på kontoret eller i kontrollsenteret.
Fjord1 har lenge vore ein pådrivar i det grøne skiftet i den maritime næringa. No treng vi fleire som vil vere med å tenke nytt, lære og utvikle seg saman med oss. Her får du påverke, bidra og vekse. Vi heiar på initiativ, utvikling og mangfald.
Med ei lang stolt historie langs kysten og kontor i Florø, Bergen og Molde er vi tett på både naturen, lokalsamfunna og oppgåvene våre. Saman med over 1100 kollegaer har vi ein arbeidsplass prega av tillit, innovasjon og moglegheiter.
Annonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer d178615e-b968-46a2-8120-464b949e8b17. Se den hos Nav
Frist
6 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen under Lagret.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Fjord1 AS.
Nina Eren Hovland Liseth
HR rådgjevar
+47 951 52 023