Gratis å prøve, ingen konto før du vil lagre. Vi leser kravene i annonsen og viser hvilke av dem CV-en din dekker.
Vil du vere med å skape gode dagar for brukarane våre?
Vi søkjer ein engasjert vernepleiar eller sjukepleiar til 100% fast stilling i miljøarbeidstenesta. Hos oss står brukaren i fokus, og vi arbeider kvar dag for å skape trygge, individuelle og meiningsfulle tenester. Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø, varierte arbeidsoppgåver og moglegheit til å gjere ein viktig forskjell i menneske sine liv.
Hos oss får du arbeide i ein turnus med langvaktordning. Stillinga har 12,5-timars vakter kvar fjerde helg, og det kan også vere aktuelt med langvakter i vekedagane kombinert med dag- og seinvakter. Dette gir gode moglegheiter for samanhengande fritid og tett oppfølging av brukarane. Samstundes inneber stillinga ansvarsvakter og tett samarbeid med brukarar, pårørande og andre faggrupper. Vi søkjer difor ein medarbeidar som trivst med både sjølvstendig arbeid og teamarbeid.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Link til søknadsskjema:
Søk herEtne kommune har ca 4 100 innbyggjarar, med gode levekår for både unge og eldre og full barnehagedekning. Kommunen har arbeidsplassar innanfor landbruk, mekanisk industri, varehandel, service og ulike tenesteytande næringar. Kulturtilbodet er godt og variert, med flotte tilhøve for sport og friluftsliv. Tenestemålet er nynorsk.
TIlgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/6ede7361-a3b4-49f6-8444-f107efd1a632