Gratis å prøve, ingen konto før du vil lagre. Vi leser kravene i annonsen og viser hvilke av dem CV-en din dekker.
I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna.
Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Og me har eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. På dei mange åkrane i dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn.
Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen. Dessutan ligg «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og me har lokalsjukehus.
Lærdal kommune har etablert kommunale akutte døgnplassar (KAD) ved kortidsavdelinga på Lærdal bu- og omsorgsheim. Me søkjer no etter ein sjukepleiar til ei spanande heiltidsstilling i eit team med ansvar for KAD og kortidsavdeling.
Ved Lærdal bu- og omsorgsheim er det 25 plassar fordelt på 1 KAD-plass, 4 korttidsplassar og 20 langtidsplassar. I tillegg har me eige kjøkken, fysio- og ergoterapeut, fagkoordinator, demenskoordinator og ei aktivitetsstove med mykje liv og røre. Heimesjukepleia er samlokalisert med omsorgsheimen og yt tenester til 12 heildøgnsbemanna omsorgsbustader og om lag 70 tenestemottakarar i bygda.
Me er kring 75 tilsette i stort og smått, og kanskje vert du vår nye kollega?
Stillinga inngår i turnus med arbeid kvar tredje helg, med moglegheit for langvakter. Me nyttar årsturnus.
Relevant erfaring vert veklagd.
Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette hjå oss skal spegla samansetjinga i resten av befolkninga. Me oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkja stilling hjå oss, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter at søknadsfristen har gått ut, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste. Lista inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel, samt bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn i opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan likevel verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om å ikkje stå oppført på søkjarlista. Dersom anmodninga ikkje vert teken til følgje, vil søkjaren verta varsla om dette.
I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen . Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv. Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.