Valle kommune
Valle kommune søker barnehagelærar i Valle. Vikariat, heltid. Krav: bachelorgrad, 1-3 års erfaring. Dagtid. Søknadsfristen er 22. november 2026.
Skrevet av Valle kommune
Vil du ta fagleg ansvar og vere med på å utvikle ein barnehage der omsorg, inkluderande leik og meistring står sentralt?
Valle kommune er i vekst, og me gleder oss over aukande barnetal i barnehagen.
Med visjonen «Robuste barn i leikande miljø» søkjer Valle og Hylestad barnehagar ein fagleg engasjert barnehagelærar til eit 100 % vikariat frå 1. januar 2027 til og med 8. august 2027. Saman med pedagogisk leiar får du medansvar for å planleggje, gjennomføre, dokumentere og vurdere det pedagogiske arbeidet.
Me arbeider med kunnskapsmodellen som eit felles fagleg grunnlag, med barnet sine behov som utgangspunkt for tilrettelegging og samarbeid med føresette. Helsefremjande oppvekst er eit sentralt satsingsområde. Gjennom inkluderande leik, fysisk aktivitet og varierte uteopplevingar fremjar me tryggleik, tilhøyrsle, rørsleglede og meistring. Målet er å fremje trivsel og utvikling og bidra til å utjamne sosiale forskjellar.
Barnehagen er organisert i to einingar, Valle og Hylestad. Hylestad-eininga ligg på Nomeland og har tre avdelingar. Valle-eininga ligg i skuleområdet i Valle. Stillinga er for tida lagd til Valle. Ved behov må du kunne arbeide ved begge einingane. Du må kunne arbeide på småbarnsavdeling.
Begge barnehagane har flotte uteområde og natur i nærmiljøet som gir gode høve til leik, utforsking og turar gjennom året.
Ved behov for hjelp til registrering av søknad, kontakt 379 37 500. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Arbeidsplassar i Valle kommune skal vere prega av mangfald.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men da må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før søkjarlista blir ferdigstilt.
Cathrine Dvergsnes, Styrar, 41876397, cathrine.dvergsnes@valle.kommune.no
Arbeidsgivar: Valle kommune
Referansenr.: 5204090340
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.01.2027
Sluttdato: 08.08.2027
Søknadsfrist: 22.11.2026
AIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 47 jobber for førskole-/barnehagelærere i Agder de siste 90 dagene.
645 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 580 000 og 670 000 kr.
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 17 andre ledige jobber for førskole-/barnehagelærere i Agder nå, hos 17 arbeidsgivere. 3 av dem kom den siste uken.
Se alle ledige stillinger som barnehagelærar i Agder
Vil du vite når det kommer nye stillinger som barnehagelærar i Valle?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.Valle kommune ligg midt i Setesdal, berre to timars biltur frå kysten. Kommunen har to bygdesentrum, Valle og Rysstad, flott natur med mange moglegheiter for ulike aktivitetar, og eit rikt kultur og fritidstilbod. Kommunen har om lag 1200 innbyggjarar.
Besøk gjerne heimesida vår: http://www.valle.kommune.no/
Annonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer cf7759db-55bd-415e-ac8c-2b0d0719ec02. Se den hos Nav
Frist
i morgenLagre stillingen, så finner du den igjen under Lagret.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Valle kommune.
Cathrine Dvergsnes
Styrar
cathrine.dvergsnes@valle.kommune.no+47 418 76 397