Klinikk for sikkerheitspsykiatri, Helse Bergen HF
Klinikk for sikkerheitspsykiatri, Helse Bergen HF søker vernepleiar og sjukepleiar - faste stillingar frå sommaren 2027 ved Regional- og Lokal sikkerheit i Bergen. Fast, heltid. Krav: bachelorgrad. Turnus. Søknadsfristen er 29. november 2026.
Skrevet av Klinikk for sikkerheitspsykiatri, Helse Bergen HF
Klinikk for Sikkerheitspsykiatri består av seks seksjonar. Regional sikkerheitsavdeling, Lokal sikkerheitsavdeling, Lokal sikkerheit og rehabilitering, Sikkerhetspoliklinikken, Seksjon for fengselshelseteneste, og eit regionalt kompetansesenter for sikkerheits, fengsels- og rettspsykiatri. Ansvaret vårt er å behandle pasientar lokalt frå Helse Bergen HF og frå Helseregion vest. Pasientar som blir innlagd ved sengepostane er underlagd tvungen psykisk helsevern etter § 3.3/ 3,2 i lov om psykisk helsevern eller dom til behandling etter §5.2 i lov om psykisk helsevern.
Eit viktig samfunnsoppdrag
I sikkerheitspsykiatrien arbeider vi med menneske som har alvorlege psykiske lidingar og samtidig behov for eit høgt tryggleiksnivå. Vårt samfunnsoppdrag er å kombinere behandling, omsorg og tryggleik på ein måte som fremjar meistring, utvikling og håp. Som sjukepleiar eller vernepleiar blir du ein viktig del av det tverrfaglege behandlingsteamet, der relasjonsbygging, miljøterapi, motivering og aktivisering står sentralt.
Kvar pasient har eit tverrfagleg team som arbeidar saman, og målet er å gi alle pasientane anledning til auka meistring i ulike fasar av sin sjukdom. Nokre pasientar kan vere innlagde over lang tid, mens andre har kortare opphald. Pasienten sine ressursar og sårbare sider er det uansett god anledning til å bli kjent med.
* Lokal sikkerheitspost (LS) har ledig 100% faste stillingar, 2-delt turnus og 4. kvar helg i langturnus
På Regional sikkerheitspost tar ein også imot personar på judisielle døgnobservasjonar etter straffeprosesslova §167, etter oppdrag frå domstol og sakkyndige. Her jobbar vi i tverrfaglege team for å sikre heilskapleg behandling for pasientanes samla behov. Vi jobbar for å gi alle pasientane anledning til auka meistring i ulike fasar av sin sjukdom, samstundes som vi tar omsyn til samfunnets trong til tryggleik. Dette gjer vi gjennom eit trygt og strukturert miljø på sengeposten, høg fagleg kompetanse og klare rutinar. Pasientane er ofte innlagde over lengre tid, noko som gir oss høve til å bli godt kjende med både ressursane og dei sårbare sidene deira. na sentral oppgåve kan vere å gjennomføre judisielle døgnobservasjonar etter straffeprosesslova § 167. Der vil sjukepleiara og vernepleiara vere ein del at eit rettspsykiatrisk team. Hos oss jobbar det omtrent like mange kvinner som menn.
På Lokal Sikkerheitspost (LS) arbeider vi i tverrfaglege team der ulike fagperspektiv blir samla rundt pasienten. Her får du vere med på å skape utvikling gjennom relasjonsarbeid, miljøterapi, psykoterapi, fysisk aktivitet, ergoterapi og medikamentell behandling. Vi legg stor vekt på motivasjon, aktivisering og meistring, og jobbar kvar dag for å hjelpe pasientane til å ta nye steg vidare mot eit meir sjølvstendig og meiningsfullt liv.
Vil du vere med og skape endring der andre ser utfordringar?
For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn om å søke. For stillingane er det krav om godkjend politiattest.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Bente Baug Grey , Seksjonsleiar RS , 55958384
Joachim Honningsvåg, Seksjonsleiar LS, 55958348
Sandviksleitet 1
5036 Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5206162298
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.11.2026
AIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 197 jobber for sykepleiere i Vestland de siste 90 dagene.
680 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 615 000 og 740 000 kr.
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 17 andre ledige jobber for sykepleiere i Bergen nå, hos 15 arbeidsgivere. 3 av dem kom den siste uken.
Vil du vite når det kommer nye stillinger som vernepleiar og sjukepleiar - faste stillingar frå sommaren 2027 ved regional- og lokal sikkerheit i Bergen?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.De har ingen andre ledige stillinger hos oss nå, men de har lyst ut 4 stillinger siden juli 2026.
www.helse-bergen.noOrg.nr 974557746
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Annonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer cd065011-e219-4d5b-bfab-45f50c6e3e69. Se den hos Nav
Frist
8 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen under Lagret.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Klinikk for sikkerheitspsykiatri, Helse Bergen HF.
Bente Baug Grey
Seksjonsleiar RS
+47 559 58 384