Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen søker studieleiar (rådgjevar) ved Institutt for informatikk i Bergen. Fast, heltid. Krav: mastergrad, 1-3 års erfaring. Søknadsfristen er 9. desember 2026.
Skrevet av Universitetet i Bergen
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
https://youtu.be/LlM1uxJXqBQ?si=p0jl8Ea22p5PjcAbInstitutt for informatikk har ei ledig fast stilling som studieleiar (rådgjevar). Vi søkjer deg som ønskjer å bidra til utvikling av studieadministrasjonen i eit sterkt fagmiljø - og som likar å jobbe tett på både studentar, undervisarar og studieprogram. Som administrativ leiar for denne spanande og utfordrande studiedrifta, søkjer vi no ein ny, trygg, kompetent og ambisiøs studieleiar ved Institutt for informatikk.
Som leiar av vår studieseksjon blir du med i eit solid og velfungerande lag beståande av studieleiar og fire studiekonsulentar. Seksjonen arbeider direkte med studentar og undervisarar og har ansvar for saksbehandling, rettleiing og vidareutvikling av utdanningstilboda våre. Du blir òg ein del av det godt etablerte nettverket for studieadministrative medarbeidarar ved Fakultet for naturvitskap og teknologi.
Studieleiar rapporterer til administrasjonssjefen. Studieseksjonen er del av ei instituttadministrasjon som totalt har med 13 medarbeidarar. Målet til administrasjonen er å leggje best mogleg til rette for forsking, formidling og utdanning av høg kvalitet ved instituttet.
Digitalisering av næringsliv, offentleg forvaltning og utdanning gjer informatikk stadig viktigare i samfunnsutviklinga. Forsking og utdanning i informatikk er avgjerande for at den digitale transformasjonen skal lukkast.
Institutt for informatikk bidreg gjennom åtte forskingsgrupper innan algoritmar, bioinformatikk, fagdidaktikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon og visualisering. I tillegg har vi Center for Data Science (CEDAS), UiB Kvante, Computational Biology Unit (CBU) og Energy Informatics Lab.
Instituttet tilbyr utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. Vi har om lag 1000 studentar og 150 tilsette, inkludert 35 professorar/førsteamanuensar.
Oppgåveporteføljen kan bli endra over tid.
Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar som er nødvendige for stillinga, mellom anna:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Espen Klungseth Rotevatn, administrasjonssjef
Telefon: +47 47074775
E-post: espen.rotevatn@uib.no
For HR-relaterte spørsmål:
Maria Svåsand, HR-rådgjevar
Telefon: +47 55588662
E-post: maria.svasand@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar særleg menn til å søkje stillinga. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane om moderat kjønnskvotering.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
AIKravene er lest ut av annonsen med AI og kan være feil. Annonsen gjelder. Sammenligningen bygger på 23 jobber for systemanalytikere/-arkitekter i Vestland de siste 90 dagene.
920 000 kr i året er midten.
Halvparten tjener mer enn dette, og halvparten tjener mindre.
Halvparten tjener mellom 775 000 og 1 100 000 kr.
Annonsen sier: fra 680 000 til 750 000 kr i året. Det er i den laveste fjerdedelen for yrket.AI
Kilde: SSB, tabell 11418, 2025. Gjelder full stilling i hele Norge, ikke akkurat denne jobben.
Det er 7 andre ledige jobber for systemanalytikere/-arkitekter i Bergen nå, hos 5 arbeidsgivere. 1 av dem kom den siste uken.
Se alle ledige stillinger som forsker i informatikk i Bergen
Vil du vite når det kommer nye stillinger som forsker i informatikk i Bergen?
Høyst én e-post om dagen. Du kan slutte når du vil.De har 23 andre ledige stillinger hos oss nå, og de har lyst ut 80 stillinger siden juli 2026.
www.uib.no/om/84775/ledige-stillinger-ved-uibOrg.nr 974799154
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Se hva Brønnøysundregistrene sier om Universitetet i Bergen: om firmaet finnes, om det er konkurs og hvor lenge det har vært registrert.
Sjekk firmaetAnnonsen er hentet fra arbeidsplassen.no (Nav), stillingsnummer cbb166a7-b357-4b5e-8a97-44a009ada336. Se den hos Nav · Se original annonse hos arbeidsgiver
Frist
12 dager igjenLagre stillingen, så finner du den igjen i fanen Lagret på Stillinger.
Gratis og uten konto: se kravene i annonsen og hvilke av dem CV-en din dekker, og få CV og søknadsbrev skrevet for jobben.
Trykk på «Søk på stillingen». Da kommer du til søknaden hos Universitetet i Bergen.